Okol Rocks
Okol Rocks (bulgarsk скали Окол, ‘Skali Okol’) er ei gruppe skjer nord for Aitcho Islands på vestsida av English Strait i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Passage Rock ligg 800 meter aust for Okol Rocks og 1,07 km sør for Fort William, Robert Island, med Cheshire Rock 370 meter aust for Passage Rock, 1,09 km sørvest for Fort William, 850 meter nordaust for Jorge Island og 900 meter aust-søraust for Okol Rocks. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Clothier Harbour.
Okol Rocks | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane | ||
Del av | Sør-Shetlandsøyane | ||
Topp | Greenwich Island | ||
- koordinatar | 62°22′19″S 59°45′42″W / 62.37194°S 59.76167°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Okol Rocks 62°22′19″S 59°45′42″W / 62.371944°S 59.761667°W | |||
Plasseringa til Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Okol Rocks er kalla opp etter busetnadane Gorni (Øvre) Okol og Dolni (Nedre) Okol vest i Bulgaria. Passage Rock vart kartlagt av Discovery Investigations i 1935 og seinare skildrande kalla opp etter som eit merke for skip som er på veg inn i English Strait. Cheshire Rock er kalla opp etter kapteinløytnant Peter Cheshire, leiaren for Royal Navy si sjømålingsgruppe i området i 1967.
Okol Rocks ligg 870 meter nord for Jorge Island, 1,34 meter aust for Kilifarevo Island og 1,89 km vest for Fort William Point på Robert Island.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Okol Rocks» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: