Aitcho Islands («Aitcho» kjem av den engelske uttalen av «H.O.» som står for Hydrographic Office) er ei gruppe mindre øyar på vestsida av det nordlege innløpet til English Strait mellom Greenwich Island og Robert Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis, som ligg mellom Dee Island i sør og Table Island i nord. Gruppa er skild frå Dee Island og Sierra Island i sørvest av Villalón Passage (62°24′48.3″S 59°46′12.3″W / 62.413417°S 59.770083°W / -62.413417; -59.770083). Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar opererte frå nærliggande Clothier Harbour. Under den sørlege sommaren vert øyane ofte vitja av cruiseskip i Antarktis slik at turistane får sjå på dyrelivet på øya.

Aitcho Islands
øygruppe
Plasseringa til Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane.
Land  Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Del av Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°24′48″S 59°46′12″W / 62.41333°S 59.77000°W / -62.41333; -59.77000
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Aitcho Islands
62°23′29″S 59°46′10″W / 62.3914°S 59.7694°W / -62.3914; -59.7694
Aitcho Islands is located in Antarktis
Aitcho Islands (Antarktis)
Cecilia Island frå English Strait.

Øyane vart kartlagde i 1935 under dei oseanografiske undersøkingane gjort av Discovery Committee, og kalla opp etter Hydrographic Office i Det britiske admiralitetet.[1] Somme av øyane fekk namn av chilenske antarktisekspedisjonar mellom 1949 og 1951.

Øyar

endre
 
Topografisk kart av øyar i området der Aitcho Islands ligg. Greenwich og Robert Island med Aitcho Islands imellom ligg til høgre.
 
Barrientos Island frå English Strait.

Øyane og somme kjende klipper i Aitcho-øyane er:





Plante- og dyreliv

endre

Av fugleartar på øyane finn ein ringpingvin og bøylepingvin, kjempestormfugl og storjo. Sørleg elefantsel er dei største dyra på øyane. Her finst òg mykje lav og mosar.[2]

Sjå òg

endre





Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre