Chess Olympiad Tromsø 2014 AS

Chess Olympiad Tromsø 2014 AS er eit norsk aksjeselskap som blei skipa 2. mai 2008. Det vedtektsfesta formålet til selskapet er å førebu, søkje og gjennomføre Sjakkolympiaden i 2014 i Tromsø, i tillegg til å gjennomføre naudsynte sjakkarrangement i tida før sjølve sjakkolympiaden.[1]

Chess Olympiad Tromsø 2014 AS
SelskapsformAksjeselskap
Org.nr.992 885 858
Skipa2. mai 2008
HovudkontorTromsø
StyreleiarHans Olav Karde
Adm.dir.Børge Johan Robertsen
Nettstadtromso2014.no

Selskapet har kontoradresse i Storgata 5–13 i Tromsø. Dagleg leiar er Børge Johan Robertsen, medan Hans Olav Karde er styreleiar.

I oktober 2014 blei det sett fram krav om å slå selskapet konkurs.[2]

ReferansarEndra

  1. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret». Henta 17. november 2014. 
  2. «Sjakk-OL begjært konkurs: - Vi håper på en snarlig løsning». Nordlys. 16. oktober 2014. Henta 17. november 2014.