Chesterfield Inlet

Chesterfield Inlet (inuktitut Igluligaarjuk, ᐃᒡᓗᓕᒑᕐᔪᒃ) er ein busetnad ved kysten av Hudsonbukta i Kivalliq i det kanadiske territoriet Nunavut. Han ligg ved munningen av Chesterfield-bukta, eller Chesterfield Inlet, same namn som busetnaden. I 2016 hadde staden 437 innbyggjarar.[1] Chesterfield Inlet Airport ligg i nærleiken av busetnaden.

Chesterfield Inlet
busetnad
Chesterfield Inlet misjonssjukehus i juni 1995.
Land  Canada
Kart
Chesterfield Inlet
63°20′27″N 90°42′22″W / 63.3408°N 90.7061°W / 63.3408; -90.7061
Wikimedia Commons: Chesterfield Inlet

Namn og historie

endre

Namnet Igluligaarjuk tyder 'stad med nokre få hus'. Chesterfield Inlet har namn etter Philip Dormer (Stanhope), 4. jarlen av Chesterfield (1694-1773), som var Secretary of State for the Northern Department 1746-48.[2] Namnet blir også forkorta til Chester.[3]

Busetnaden blei skipa på midten av 1800-talet. Han ligg langs Nordvestpassasjen, og på 1800-talet kunne kvalfangarar som kom til området overvintra her eller i nærleiken. Dei hyra inuittar til å jakta med seg.[2] Tidleg på 1900-talet blei han hovudsenteret for Hudson’s Bay Company sine handelspostar i området knytte til pelshandelen.[3]

I 1914 skipa Royal North West Mounted Police ein stasjon her, etter tidlegare å ha vore i Cape Fullerton, nordaust for Chesterfield Inlet. Politiet patruljerte kysten og administrerte kvalfangst, toll, og heldt orden.[2]

Folkesetnad

endre
Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1976 243
1981 249 +2,5 %
1986 294 +18,1 %
1991 316 +7,5 %
1996 337 +6,6 %
2001 345 +2,4 %
2006 332 −3,8 %
2011 313 −5,7 %
2016 437 +39,6 %
2021 397 −9,2 %

Ved folketeljinga i 2021 hadde Chesterfield Inlet 397 innbyggjarar som budde i 116 av dei totalt 131 private husa her.[4]

Klima

endre

Chesterfield Inlet har subarktisk klima (Dfc) med korte, kjølige somrar og lange, kalde vintrar.

Vêrdata for Chesterfield Inlet
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgaste humidex −7,4 −8 1,6 1,5 12,6 23,8 35,4 37 20,8 12,1 1,4 0,2 37
Høgast målte °C −3 −5,5 2 3,5 14 26 30,5 27 22 10 2 −2 30,5
Gjennomsnittleg maks °C −27,3 −26,9 −20,6 −11,1 −2,3 7,9 15,2 12,7 5,7 −1,8 −12,7 −21,1 −6,9
Døgnmiddeltemperatur °C −30,9 −30,8 −25,1 −15,8 −5,7 4,3 10,6 9,2 3,3 −4,5 −16,7 −25,2 −10,6
Gjennomsnittleg min °C −34,3 −34,2 −29,4 −20,1 −9 0,5 5,9 5,7 0,9 −7 −20,7 −29,1 −14,2
Lågast målte °C −46 −49 −45 −35,5 −29 −11,5 −1,5 −2 −9 −26 −37,5 −44 −49
Lågaste vindavkjøling −66,3 −70,7 −64,7 −50,5 −33,6 −18,3 0 −9,5 −17,9 −40,1 −54,6 −60,9 −70,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 10,4 9,6 14,9 15,5 15,1 23,3 41,2 51,2 37,4 26,6 22 14 281,2
Gjennomsnittleg regn mm 0 0 0 0,1 6,1 19,7 41,2 51,2 33,9 11,7 0 0 163,9
Gjennomsnittleg snø cm 11,2 10,2 15 17 9,4 3,7 0 0 3,5 15 23,1 15,4 123,6
Gns. nedbørsdagar (≥ 0.2 mm) 4,2 3,7 4,3 5 4,9 6 7,9 9,9 9,7 8,8 7,6 5,4 77,3
Gns. dagar med regn (≥ 0.2 mm) 0 0 0 0,1 1,6 5,4 7,9 9,9 8,4 3,4 0 0 36,6
Gns. snødagar (≥ 0.2 cm) 4,2 3,7 4,4 4,9 3,3 0,7 0 0 1,5 5,7 7,7 5,4 41,4
Gns. luftfukt (%) 79 67,6 74,9 82 84,4 70,9 68 72,5 77,4 87,3 83 75,3 76,9
Kjelde: Environment Canada Canadian Climate Normals 1981–2010[5]
 
Lessing av varer i Chesterfield Inlet. Frå arkivet til Hudson’s Bay Company.

Kjelder

endre
  1. «Statistics Canada: 2016 Census Profile». Focus on Geography Series, 2016 Census (på engelsk). Statistics Canada. Henta 10 april 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «About Us | Chesterfield Inlet», chesterfield-inlet.ca, henta 12. november 2022 
  3. 3,0 3,1 «Chesterfield Inlet», chesterfield-inlet.ca, henta 12. november 2022 
  4. «Population and dwelling counts: Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), Nunavut». Statistics Canada. 9. februar 2022. Henta 19. februar 2022. 
  5. «Chesterfield Inlet A». Canadian Climate Normals 1981–2010. Environment Canada. Climate ID: 2300707. Henta August 9, 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Chesterfield Inlet