Chesterfieldbukta

Chesterfieldbukta (engelsk Chesterfield Inlet) er ei bukt nordvest i Hudsonbukta i Kivalliq i det kanadiske territoriet Nunavut. Inst i bukta ligg munningen av Thelonelva etter at denne har gått gjennom Bakersjøen. Cross Bay, ei stor utviding av bukta, ligg 30 km aust for Bakersjøen. Det ligg fleire øyar i bukta, og busetnaden Chesterfield Inlet (Igluligaarjuk) ligg ved munningen.

Chesterfieldbukta
bukt
Fiskeforsking i Chesterfieldbukta
Land  Canada
Territorium Nunavut
Region Kivalliq
Kart
Chesterfield Inlet
63°43′00″N 92°00′00″W / 63.71666667°N 92°W / 63.71666667; -92
Wikimedia Commons: Chesterfield Inlet

Chesterfield Inlet har namn etter Philip Dormer (Stanhope), 4. jarlen av Chesterfield (1694-1773), som var engelsk Secretary of State for the Northern Department 1746-48.[1]

To inuittgrupper heldt til i området i tida før og etter den fyrste europeiske kontakten. Qaernermiutfolk, ei gruppering innan kivallirmiut- eller rein-inuittar (Caribou Inuit), og aivilingmiutfolk, ei gruppering innan iglulik-inuittar. Sistnemnde fekk mest kontakt med europearane grunna felles interesse for kvalfangst.[1]

Dei fyrste europearane som kom til bukta var sir Thomas Button med det vesle skipet «Discovery» under ei reise frå 1612 til 1613. Fleire britiske oppdagarar vitja bukta på leit etter Nordvestpassasjen. Ho fekk namnet Chesterfield Inlet rundt 1749. Kvalfangarar vitja bukta frå midten av 1800-talet.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «About Us | Chesterfield Inlet», chesterfield-inlet.ca, henta 13. november 2022