Bakersjøen i Nunavut

Bakersjøen (engelsk Baker Lake, inuktitut Qamani'tuaq, 'der elva vidar seg ut') er ein innsjø i Canada. Han ligg i Nunavut, sentralt i landet. Han har ei flatevidd på 1 887 kvadratkilometer, og inneheld fleire bukter og øyer. Sjøen får vasstilførsel frå Thelonelva frå vest og Kazanelva frå sør. Det renn ut i Chesterfieldbukta. Busetnaden Baker Lake ligg nordvest for sjøen, ved munningen av Thelon.

Bakersjøen
Baker Lake, Qamani'tuaq
innsjø
Land  Canada
Territorium Nunavut
Region Kivalliq
Høgd m
Areal 1 887 km²
Kart
Bakersjøen i Nunavut
64°09′00″N 95°16′00″W / 64.15°N 95.266666666667°W / 64.15; -95.266666666667
Wikimedia Commons: Baker Lake

Traktene rundt Bakersjøen er så godt som folketomme, med mindre enn to innbyggjarar per kvadratkilometer.[1] Det finst to reinflokkar i området, Beverly- og Qamanirjuaq-karibuflokkane, i tillegg til anna arktisk dyreliv knytt til Nord-Canada.[2]

Historie endre

Tradisjonelt heldt ni ulike inuittiske grupper til i området. Fire av dei heldt til nord for dagens busetnad Baker Lake: Illuiliqmiut-, kihlirnirmiut-, hanningayuqmiut- og ukkuhiksalingmiutfolk. Frå aust til nordvest for sjøen heldt qairnirmiut- og hauniqturmiutfolk til. Akilinirmiutar heldt seg nordvest for sjøen, medan harvaqtuurmiutar og paalirmiutar heldt til sør for han.[3]

Sjøen blei utforska i 1762 av William Christopher, som kom hit via Chesterfieldbukta. Den fyrste gongen styresmaktene slo seg ned her var i 1915, då Royal North-West Mounted Police skipa ein post ved austenden av vatnet. I 1916 skipa Hudson's Bay Company ein handelsstasjon ved Kazanelvedeltaet fram til 1930, då han blei flytta til den noverande staden sin, den noverande Baker Lake.

Kjelder endre

  1. «NASA Earth Observations: Population Density». NASA/SEDAC. Arkivert frå originalen 9. februar 2016. Henta 30. januar 2016.  Arkivert 2016-02-09 ved Wayback Machine.
  2. «Orin Durey Intervention» (PDF). nunavut.ca. Henta 16. januar 2008. [daud lenkje]
  3. «Baker Lake - The Hamlet», web.archive.org, 19. oktober 2007, arkivert frå originalen 19. oktober 2007, henta 25. november 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bakersjøen i Nunavut