Chevreul Cliffs
Chevreul Cliffs er ei rekkje klipper med ei høgd opp mot kring 1500 meter over havet aust for Mount Dewar i Pioneers Escarpment i Shackleton Range. Dei vart fotograferte frå lufta av U.S. Navy i 1967, og kartlagt frå bakken av British Antarctic Survey, 1968–71. I samband med at stader i området vart kalla opp etter pionerar innan polarliv og polarreiser, vart dei namngjevne av UK Antarctic Place-Names Committee etter Michel Eugene Chevreul, ein fransk kjemikar som forska på feitt i 1823, noko som førte til oppfinninga av stearinlys, som vart mykje nytta av polfararar.
Chevreul Cliffs | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Coats Land | ||
- koordinatar | 80°32′S 20°36′W / 80.533°S 20.600°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Chevreul Cliffs 80°32′00″S 20°36′00″W / 80.5333°S 20.6°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Chevreul Cliffs» (innhald frå Geographic Names Information System).