Shackletonkjeda
(Omdirigert frå Shackleton Range)
Shackletonkjeda[1] er ei fjellkjede i Antarktis. Ho stig opp til Holmes Summit på 1875 moh. og strekkjer seg 160 km frå aust til vest mellom Slessor- og Recoverybreen.[2]
Shackletonkjeda | |||
fjellkjede | |||
Shackletonkjeda, like utanfor isdekket mellom Slessor- og Recoverybreen
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Coats Land | ||
- koordinatar | 80°30′S 025°00′W / 80.500°S 25.000°W | ||
Høgaste punkt | Holmes Summit | ||
• høgd | 1 875 moh. | ||
Lengd | 160 km | ||
Areal | 14 000 km² | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wikimedia Commons: Shackleton Range |
Fjellkjeda er kalla opp etter sir Ernest Shackleton, leiaren for den britiske Endurance-ekspedisjonen (eller «Shackleton-ekspedisjonen») 1914-16.[2]
Landmålingar
endreCommonwealth Trans-Antarctic Expedition (CTAE), som i 1956 såg fjellkjeda frå lufta, gjorde ei landmåling av den vestlege delen i 1957. US Navy fotografert fjellkjeda frå lufta i 1967. I 1968–69 og 1969–70 gjorde British Antarctic Survey (med base på Halley Station) ytterlegare landmålingar med støtte frå eit C-130 Hercules-fly frå US Navy.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shackleton Range» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2013.
- ↑ Shackletonkjeda (Antarktis) Stadnamn i norske polarområde, Norsk Polarinstitutt
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Shackleton Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 10. januar 2013.