Chichester
Chichester er administrasjonsbyen i West Sussex i England. Byen høyrer til og er administrasjonssenter for distriktet Chichester. Byen har eit folketal på omkring 25 000, medan distriktet har omkring 100 000 innbyggjarar (2004).
Chichester | ||
---|---|---|
Den heilage treeiningskatedralen i Chichester | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Sussex | |
Distrikt | Chichester | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
10,67 km² | |
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
23 731 2 224,1 /km² | |
Koordinatar | 50°50′N 0°47′W / 50.833°N 0.783°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PO19 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1243 | |
Nettstad: www.chichestercity.gov.uk | ||
Ein reknar med at området var eit bruhovud under den romerske invasjonen av Britannia, og sentrum ligg over den romerske byen Noviomagus. Like ved byen, ved Fishbourne, er ein romersk villa utgraven av arkeologar. Noviomagus vart øydelagt mot slutten av 300-talet av Ella av Sussex, og ein ny by vart bygd av sonen hans Cissa. Kongen gav byen namn etter seg sjølv, og gjorde han til kongeleg residensby og dermed hovudstad for kongedømet Sussex.
Chichester heldt det romerske gatenettet, og har difor gater som går ut i dei fire himmelretningane frå marknadsplassen. Der står Chichesterkrossen, ein struktur som vart bygd av Edward Story, biskop av Chichester 1477–1503. Mykje av bymuren er verna.
Chichesterkatedralen er vigd til Den heilage treeininga, og har St. Richard av Chichester sitt helgenskrin. Spiret, som var bygd av svak lokal stein, kollapsa utan forvarsel og vart gjenoppbygd på 1800-talet. I skipet er det restar etter eit romersk mosaikkgolv.
Byen er kjent for den årlege festivalen Chichester Festivities, der det blant anna er teaterframferder.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chichester» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.