Romersk Britannia

Romersk Britannia er delar av dei britiske øyane som var okkuperte og kontrollerte av Romarriket i tidsrommet 43 og fram til rundt 410 e.Kr. Romarane omtalte sjølv provinsen som «Britannia». Før den romerske invasjonen hadde innbyggjarane på øya Storbritannia allereie kulturelle og økonomiske samband med Fastlands-Europa, men romarane introduserte ny utvikling og nye teknologiar innan jordbruk, urbanisering, industri og arkitektur, og etterlét seg ein arv som framleis er til stades i dagens Storbritannia.

Plasseringa av provinsen i Romarriket.
Kart over Romersk Britannia.

Dei historiske nedteikningane og dokumentasjon frå før og under invasjonen er sparsame, sjølv om romerske historikarar nemner provinsen frå tid til annan. Det meste av kunnskapen om tidsepoken er derfor frå arkeologiske utgravingar og særleg studiar av innskrifter (epigrafikk).

Bakgrunn endre

Britannia var ikkje ukjend for folk i antikken. Så tidleg som på 300-talet f.Kr. hadde grekarane, fønikarar og kartagarar handla tinn frå Cornwall.[1] Grekarane refererte til Cassiterides («Tinnøyene»), og skreiv at desse øyene låg ein stad nær vestkysten av Europa.[2] Den kartagiske sjømannen Himilco skal ha vitja øyene på 400-talet f.Kr., og det same skal den greske utforskaren Pytheas frå Massalia på 300-talet f.Kr. Generelt blei likevel øyene sett på som ein mystisk stad som ein del antikke forfattarar tvilte på at i det hele tatt eksisterte.[3]

Tidleg kontakt endre

 
Edward Armitage si framstilling av Julius Cæsar sin første invasjon.

Den første direkte romerske kontakten kom med den romerske generalen og framtidige diktatoren Julius Cæsar. Han gjennomførte to ekspedisjonar til Britannia i åra 55 og 54 f.Kr. som avleggjarar av erobringa av Gallia, fordi han meinte at britonarane i dagens England hadde bidrege til den galliske motstanden. Den første ekspedisjonen, som mest var ei form for rekognosering og sondering enn ein full invasjon, tok fotfeste på kysten av Kent, men utan kavaleri. Fordi ein storm i Den engelske kanalen øydela skipa hans, var det umogleg for romarane å avansera vidare. Om ekspedisjonen var militært mislukka var han likevel ein politisk suksess: Det romerske senatet erklærte 20 dagar offentlig ferie i Roma for å feira denne eineståande bedrifta ved å ta gislar frå Britannia, og fordi belgiske stammar blei overvunne då dei romerske styrkane igjen var tilbake på kontinentet.[4]

I sin andre invasjon året etter tok Cæsar med seg ein betydeleg større hær og fortsette med «pisk og gulrot»-politikken; han inviterte innfødde stammar til å underkasta seg han og gje frå seg gislar i bytte mot fred. Ein vennlegsinna lokal høvding, Mandubracius, blei installert som leiar, og rivalen hans Cassivellaunus blei underkasta. Romarane tok med seg gislar, men historikarar er usamde om den tributten ein kom overeins om blei betalt av britonarane først etter at Cæsar hadde reist tilbake til Gallia med styrkane sine.[5] Cæsar hadde ikkje erobra noko territorium og hadde heller ikkje installert troppar, men han hadde etablert klientkongar på øya og hadde ført Britannia inn under den romerske sfæren av politisk påverknad.

Keiser Augustus planla invasjonar i 34, 27 og 25 f.Kr., men omstenda var aldri gunstige.[6] Tilhøvet mellom Britannia og Romerriket bestod av diplomati og handel. Strabon, som skreiv seint i styretida til Augustus, hevda at skattane på handelen førte til større årlege inntekter enn det ei erobring ville ha gjeve.[7] Arkeologiske undersøkingar har vist ein auke i importerte luksusvarer til det søraustlege Britannia på denne tida.[8] Strabon nemner også britonske kongar som sende ambassadørar til Augustus, og Augustus sin eigen Res Gestae Divi Augusti refererer til to britiske kongar han tok imot som flyktningar.[9] Då ein del av Tiberius sin flåte blei ført til Britannia av ein storm under krigføringa hans i Germania i år 16 blei desse sende tilbake til han av lokale høvdingar, og det blei fortald forteljingar om store uhyre.[10]

Roma verke å ha oppmuntra til ein maktbalanse i sørlege Britannia ved å støtta to mektige kongedøme: Catuvellaunarar (Catuvellauni), styrt av etterkomarane til Tasciovanus, og atrebatarar (Atrebates), styrt av etterkomarane til Commius.[11] Denne politikken blei følgd fram til år 39 eller 40, då keisar Caligula tok imot eit forvist medlem av catuvellaunarane, og keisaren sette i gang ein invasjon av Britannia. Denne invasjonen som kollapsa under farseaktige omstende allereie før invasjonshæren hadde forlate Gallia. Han skal ha stilt opp styrkane sine i slagformasjon i Gallia, vend mot Den engelske kanalen, og gjeve dei ordre om å angripa sivet i vasskanten. Han fekk så soldatane til å samla skjel som blei teke til Roma som «krigsbytte».[12] I 43 utførte Claudius eit felttog som var vellukka, og provinsen Britannia blei formelt oppretta. Også denne gongen var det offisielle målet å gje støtte til ein landflyktig britonsk herskar, denne gongen Verica frå atrebatarane.

Den romerske invasjonen endre

 
Romarane går i land ved kysten av Kent. Frå History of England, Vol. I, 1909

Invasjonsstyrken i 43 var leia av Aulus Plautius.[13] Det er ikkje kjend kor mange romerske legionar som blei sende. Berre ein legion, II Augusta under kommando av den framtidige keisaren Vespasian, er dokumentert å ha deltatt.[14] IX Hispana,[15] XIV Gemina (seinare kalla Martia Victrix) og XX (seinare kalla Valeria Victrix)[16] er attestert å ha teke del under Boudicca sitt opprør i 60 og 61. Det er sannsynleg at dei hadde vore der sidan den innleiande invasjonen, men den romerske hæren var svært fleksibel med eininga som blei brukt og flytta når det var nødvendig, slik at dette ikkje er sikkert. Berre Legio IX Hispana er sannsynleg i å ha blitt stasjonert der, fordi det er attestert at denne legionen stod ved Eburacum (York) i 71. Legionen er nemnd på ein bygningsinskripsjon der, datert 108, før dei siste øydeleggjande kampane i aust, truleg under Bar Kokhba-opprøret.[17]

Invasjonen blei forseinka då det braut ut mytteri blant troppane, men dei ble til slutt overtydde av ein frigjeven slave om at det ikkje var farleg å kryssa havet og kjempa bortanfor grensene av den kjende verda. Dei sigla i tre divisjonar og gjekk truleg i land ved Richborough i Kent, men det er også blitt føreslått at ein del av invasjonsstyrken gjekk i land på sørkysten, i Fishbourne-området i West Sussex.[18]

Romarane sigra over catuvellaunarane og deira allierte i to slag: det første, dersom dei gjekk i land ved Richborough, var ved elva Medway og det andre på Themsen. Ein av catuvellaunaleirane, Togodumnus, blei drepen, men bror hans Caratacus overlevde og fortsette motstanden seinare. Plautius stoppa ved Themsen og sende bud til Claudius om forsterkingar, inkludert artilleri og elefantar, for den endelege marsjen mot catuvellaunahovudstaden Camulodunum (Colchester). Den framtidige keisar Vespasian nedkjempa og underkasta den sørvestlege delen av England.[19] Cogidubnus blei innsett som konge over fleire territorium,[20] og det blei gjort avtalar med stammar utanfor det området som kom inn under direkte romersk kontroll.

Plautius blei så den fyrste guvernøren i provinsen. Dei britiske styrkane under Caratacus blei slått ved hovudstaden sin Camulodunum (dagens Colchester). Caratacus nekta å overgi seg, og flykta til ordovikane sitt område i 47. Han oppmana stamma til å kjempe mot romarane, og tapte med sine nye styrkar nok eit slag i 50. Han flykta igjen, denne gongen til brigantarane si dronning Cartimandua. Ho såg at romarane var overlegne, og overleverte Caratacus til dei. Han blei så teken til Roma i lekkjer.

Styringa av provinsen endre

Fredelege romerske provinsar var underlagde det romerske senatet, men dei som trong permanente garnisonar, som Britannia, var under keisarleg kontroll. Lokalt blei provinsane styrte av guvernørar, som var tidlegare konsular. Dei hadde gjerne både militær og administrativ bakgrunn, og dei som blei sende til urolege provinsar blei gjerne valde ut spesielt på grunn av dei militære evnene sine. Den viktigaste oppgåva til guvernørane av Britannia var å sikre militær kontroll, men dei skulle også sørgje for diplomatisk kontakt med klientkongar, byggje vegar, sørgje for at kurersystemet fungerte, overvake byane og fungere som dommar i viktige saker.

Guvernøren hadde ein assistent, legatus iuridicus, som var rådgivar i juridiske saker. I Britannia ser det ut til at desse legata var valde blant framståande juristar, spesielt fordi det var vanskeleg å finne ein modell for innføring av det romerske skattesystem i provinsen. Den finansielle administrasjonen var underlagd ein prokurator. Legionane hadde kvar sin kommandant, som var underlagd guvernøren. I spesielt urolege tider kunne kontrollen over eit område bli overlaten til kommandantar, slik at avgjerder raskt kunne takast lokalt.

Den fyrste hovudstaden i provinsen var sannsynlegvis Camulodonum, noverande Colchester, men Londinium (London) tok raskt over på grunn av de gode handelssambanda byen hadde.

Konsolidering endre

 
Rekonstruksjon av festning nær Newcastle

I dei fyrste tjue åra var det romerske styret brutalt, og dette førte til at icenerane under dronning Boadicea gjorde opprør i 61. Trinovantane og catuvellaunarane slutta seg til, og alliansen gjekk til åtak på den romerske kolonien Camulodunum. Dei plyndra og brann byen, og drap alle innbyggjarar dei fekk tak i, både menn, kvinner og barn. Guvernørein, Gaius Suetonius Paulinus, måtte overlata byen til opprørarane. Legionen XIV Gemina slutta seg til han, og etter at Boadicea hadde plyndra også Verulamium og Londinium møtte romarane opprørsstyrken på slagmarka. Dei romerske styrkane vann ein knusande siger, og truleg tok Boadicea kort tid etter sitt eige liv.

Gjennom mykje av tida med romersk styre heldt dei store styrkane fram å vere i provinsen. Det var vanleg at den som blei utnemnd til guvernør for ein uroleg provins hadde gjort teneste som konsul fyrst, og fleire av dei som var guvernørar og legatar enda seinare som keisarar, mellom desse Vespasian, Pertinax og Gordian I.

I åra etter icenaropprøret heldt romarane fram med erobringa av stadig meir land. I 78 slo den nyinnsette guvernøren Gnaeus Julius Agricola ordovikane, og utsletta stamma. Han gjekk deretter nordover, og slo i 84, sitt siste år som guvernør, caledonarane i slaget ved Mons Graupius. Kort tid etter blei han tilbakekalla til Roma, og styrken i Britannia trekte seg tilbake til ei linje mellom Firth of Forth og Firth of Clyde, som var lettare å forsvare.

Skottland endre

 
Hadrians mur ved Housesteads

Det finst ingen gode kjelder til tiåra etter at Agricolas forlet øyane. Til og med namnet på etterfølgjaren hans er usikkert, men ein meiner at det var Sallustius Lucullus. Somme romerske fort sør for linja Forth-Clyde blei ombygde og utvida, mens andre ser ut til å ha blitt forlatne. Romerske myntar og keramikk funnen i det skotske låglandet tyder på ei aukande romanisering i åra før 100.

King 105 ser det ut til at romarane hadde eit kraftig tilbakeslag. Fleire fort blei øydelagde av brann, og leivningar etter menneske og stridsutstyr ved Newstead viser at det var samanstøyt i det minste der. Det finst også peikarar om at støttetroppar blei sende frå Germania, og på ein gravstein i Kyrene står det om ein britisk krig på denne tida som ein elles ikkje veit noko om. Ein teori er at Trajan sine krigar mot dakarane kan ha ført til reduksjon i talet på soldatar ved den skotske grensa, eller til og med ei fullstendig tilbaketrekking frå ein del fort. Grensa blei flytt sørover på denne tida, til ei linje som følgde Stanegate.

I byrjinga av Hadrian si regjeringstid, i 117, fann ei ny krise stad då det braut ut opprør i nord. Quintus Pompeius Falco lukkast i å slå det ned. Kring 120 nådde Hadrian Britannia under rundreisa si til provinsane, og han bestemte at det skulle byggjast ein omfattande forsvarsmur langs Stanegate. Store delar av Hadrianmuren er bevarte, mykje av han i svært god stand. Aulus Platorius Nepos blei utnemnd til guvernør med ansvar for å utføre dette. Han fekk med seg Legio VI Victrix frå nedre Germania, som erstatta Legio IX Hispana.

Under Antoninus Pius blei grensa igjen flytt nordover, i ein kort periode. Den antoninske muren blei bygt omkring 142, etter at den nye guvernøren Quintus Lollius Urbicus hadde erobra det skotske låglandet. Dette var eit resultat av selgovarane sitt åtak på klientkongedømet til votadinarane nord for Hadrianmuren.

Den antoninske ekspansjonen førte til at brigantane gjorde opprør 155157. Romarane hadde avgrensa høve til å sende forsterkingar nordover, men Gnaeus Julius Verus lukkast i å slå ned opprøret. Før eit år hadde gått var den antoninske muren igjen på romerske hender, men i 163 eller 164 blei han gjeven opp for siste gong. Dette skjedde kort tid etter at Antoninus Pius døydde, på eit tidspunkt då ein ikkje lenger ville såre stoltheita til keisaren gjennom ei tilbaketrekking. Ein mindre garnison blei etterlaten i Newstead inntil ca. 180.

I dei tjue åra som følgde etter tilbaketrekkinga til Hadrians mur hadde Roma større problem å hanskast med på kontinentet, spesielt i Donauprovinsane. Ein auke i talet nedgravne skattar i Britannia i denne perioden tyder på fortsatt ufred i provinsen. I Skottland finn ein større mengder romersk sølv enn det normal handel skulle tilseie, og dette styrkjer ein teori om at romarane betalte seg til fred med einskilde grupper, ein strategi som er dokumentert elles i imperiet.

I 175 kom det ein stor styrke sarmatisk kavaleri, kring 5 500 mann. Dette skjedde truleg som ei følgje av opprør som ikkje er dokumentert elles. I 180 trengte keltarar gjennom Hadrians mur, og guvernøren blei drepen i det Dio Cassius skildra som den alvorlegaste krigen i Commodus si tid som keisar. Ulpius Marcellus blei send som ny guvernør, og innan 184 hadde han slått ned keltarane. Men snart etter braut det ut mytteri blant dei romerske soldatane, som freista å utrope ein legat ved namn Priscus til keisar. Han nekta, men situasjonen var likevel kritisk, og Marcellus klarde såvidt å flykte frå provinsen. Den romerske hæren heldt fram med mytteriet, og sende ein delegasjon på 1500 mann til Roma for å krevje at Tigidius Perrenis skulle bli avretta. Han var ein pretoriansk prefekt som dei meinte hadde behandla den urettferdig ved å utnemne riddarar av låg rang til legat. Commodus møtte dei utanfor Roma og gjekk med på at Perrenis skulle bli avretta, men dette fekk den effekten av mytteristane berre blei meir sjølvsikre.

Den framtidige keisaren Pertinax blei send til Britannia for å gjenopprette ro i hæren. I byrjinga lukkast han godt med dette, men eit nytt opprør braut ut. Pertinax blei angripe og soldatane trudde dei hadde drepe han, men han klarde seg og bad om å få kome tilbake til Roma. I 192 etterfølgde han Commondus og var keisar ein kort periode.

Handel og industri endre

 
Romersk leirkrukke dekorert med gladiatorar.
 
Mosaikk frå ein romersk villa i Bradford on Avon.

Då romarane okkuperte Britannia hadde den tinneksporten minska i forhold til tidlegare, på grunn av at det var funne førekomstar i Iberia. Dei viktigaste minerala og råvarene romarane tok ut frå Britannia var gull, jern, bly, sølv, marmor, perler, jakthundar, dyrehuder, tømmer, ull, korn og slavar. Gjennom investeringar frå utlandet oppstod ein levekraftig indre marknad, og det blei importert varer frå kontinentet.

Uttak av mineral, som Dolaucothi gullgruve, jarnmalm frå Weald og sølvgruver i Mendip Hills, ser ut til å ha vore drive som private føretak mot at det blei betalt avgift til myndigheitene. Gruvedrift hadde allereie ei lang historie i Britannia, men romarane introduserte nye teknikkar, og revolusjonerte industrien. Mange av dei rikaste førekomstene låg i område som romarane brukte tid på å undertvinge.

Lokale kunsthåndverkarar heldt fram med å lage gjenstandar i La Tène-stilein, sjølv om romersk design raskt blei det mest populære. Den lokale keramikken var generelt av dårlegare kvalitet enn den galliske, men Castorkeramikk frå Nene-dalen var av høg kvalitet. Det meste av keramikken var enkelt laga, og meint for lokale marknader.

Innan dei 3. hundreåra hadde Britannia eit variert og godt etablert økonomi, med handel både med kontinentet og den ikkje-romerske delen av øyane. Hadrians mur fungerte ikkje berre som ei festning mot keltarane, men også som ei tollgrense, slik at det også blei inntekter til styresmaktene av denne handelen.

Det tredje hundreåret endre

Då Commodus døydde begynte ei utvikling som etter kvart skulle leie til borgarkrig. Etter Pertinax' korte regjeringstid dukka det opp fleire rivalar, blant anna Septimius Severus og Clodius Albinus. Sistnemnde var guvernør i Britannia, og så ut til å ha pasifisert lokalsamfunnet. Han kontrollerte tre legionar, noko som gjorde han til ein sterk utfordrar i kampen om keisarmakta. Severeus valde å kjøpe stønaden hans ved å love han tittelen caesar mot at han støtta Severus i kampen mot Pescennius Niger i aust. Etter å ha slått Niger snudde Severus og gjekk til krig mot Albinus, som på si side ser ut til å ha forventa dette og dermed var klart til kamp.

Albinus kryssa Den engelske kanalen i 195. Året etter kom Severus til Gallia, og dei møttest i eit slag der Severus vann ein avgjerande siger. Den britiske guvernøren gjorde sjølvmord, og keisaren tok eigedomane til fleire av støttespelarane hans i Britannia.

Denne hendinga viste to store problem i provinsen. Det eine er at ein for å sikre seg mot keltarane måtte ha tre legionar ståande i Britannia, noko som gav ein ambisiøs guvernør mykje makt. Det andre er at dersom ein brukte legionane ein annan stad, blei provinsen ståande utan forsvar.

Det tradisjonelle synet har vore at samfunnet i det nordlege Britannia kollapsa då Albinus var vekke. Cassius Dio fortel at den nye guvernøren, Virius Lupus, måtte kjøpe fred frå maetarane. Nyare forsking har vist at det er meir sannsynleg at ein rimeleg stor styrke blei ståande igjen i provinsen, og at kaoset derfor ikkje var så fullstendig som ein har trudd. Uansett ser ein at dei neste guvernørane alle har utmerkt seg i felt, noko som viser at det trengst dyktige militære leiarar i Britannia. I 207 rapporterte Lucius Alfenus Senecio til Roma at britane gjorde opprør og plyndra landet. Han bad om anten forsterkningar eller ein keisarleg ekspedisjon, og Severeus valde det siste trass i at han då var 62 år gammal. Arkeologiske funn viser at dei styrkte Hadrians mur og forta sør for muren, og at Severus' ankomst fekk dei opprørske stammene til å be om fred. Keisaren var ikkje interessert i å gå med på dette utan kamp, sannsynlegvis både for å understreke makta og for å gi sønene Geta og Caracalla fyrstehandserfaring med å styre ein provins.

Keisaren hadde med seg omtrent 20 000 soldatar, og i 208 eller 209 kryssa dei muren og gjekk gjennom det austlege Skottland. Det blei stadig utsett for små geriljaangrep, og det røffe terrenget sakka dei ned. Severus såg at han ikkje hadde moglegheit til å møte caledonarane på slagmarka. Dei romerske styrkane nådde elva Tay, der dei begynte forhandlingar og skreiv under ein fredsavtale med caledonarane. Innan 210 var keisaren tilbake i York, og grensa låg framleis ved Hadrians mur. Severus tok ærestittelen Britannicus, «sigerherre over britane». Kort tid etter gjorde maetaene opprør att. Caracalla leidde ein straffeekspedisjon, men då faren døydde neste år reiste han saman med bror sin til Roma for å sikre seg makta.

Ei av dei siste handlingane Severus gjorde, var å freiste å løyse problemet med at guvernørane i Britannia hadde for stor makt. Han delte provinsen i to, Britannia Superior og Britannia Inferior (Øvre og Nedre Britannia). Dette førte til nesten eit hundreår med fred. Perioden, som blir kalla «Den lange freden», er dårlegare belagt i kjeldene enn andre periodar i historia til provinsen. Ein ting arkeologiske undersøkingar har vist er at det blei fleire nedgravne skattar, noko som tyder på at det likevel var uro i provinsane. Det blei også bygt ei rekkje fort, som etterkvart blei kjent som saksarkystforta, for å få kontroll over problemet med sjørøveri langs kysten.

I midten av dei 3. hundreåra blei imperiet fleire stader invaderte eller rysta av opprør, samt at det kom stadig nye tronkrevjarar. Britannia ser ut til å ha vore blant dei provinsane som slapp lettast unna, men kraftig inflasjon gjorde skade på økonomien. I 259 gjorde Postumus sitt galliske imperium-opprør mot Gallienus. Britannia var ein del av dette utbrytarriket inntil 274, då Aurelian gjenforente det med Romerriket. Det var opprør i Britannia i slutten av 270-åra, fyrst då ein halvt britisk usurpator som heitte Bononus gjorde opprør for å sleppe straff etter å ha mist flåten sin ved Colonia. Dette blei slått ned av Probus, men kort tid etter gjorde ein guvernør som ein ikkje kjenner namnet på opprør. Irregulære styrkar beståande av vandalar og burgundarar blei sende over for å knuse opprøret, antagelig i 278.

Dei siste opprøra i provinsen var dei til Carausius og Allectus. Carausius var kommandant i flåten, truleg i Den engelske kanalen. Han blei skulda for å ha behalde bytte som var teke frå piratar, og keisar Maximian gav ordre om å avrette han. I 286 utropte han seg til keisar i Britannia og det nordlege Gallia, og fordi keisaren var oppteken med andre opprør fekk han sitje i fred ei stund. Fyrst i 288 blei ein invasjonsstyrke send, men den blei slått tilbake. Carausius slo mynt for å vise at han var ein legitim keisar. I 293 sende Konstantius Chlorus ein ny styrke. Hamna til opprørarane ved Boulogne blei teke, og dermed miste dei flåtestøtta si. Carausius blei myrda av skattmeisteren sin Allectus, som sjølv tok makta. Kort tid etter landa Asclepiodotus ved Clausentum og slo Allectus.

Konstantius reiste sjølv til London og mottok der sigershyllest. Han valde å dele opp øya enda meir, i fire provinsar:

Det fjerde hundreåret endre

Konstantius Chlorus vende attende til Britannia i 306, for å invadere den nordlege delen av øya. Han sleit med dårleg helse, men leia likevel felttoget. Kjeldene er uklare, og det er lite arkeologisk materiale som belyser felttoget, men det ser ut til at han tidleg på sommaren 306 sigra i eit stort slag langt mot nord, før han vende attende til York der han døydde av naturlege årsaker 25. juli 306.

 
Statue av Konstantin i York

Sonen hans, Konstantin, hadde vore ved sida hans då han døydde, og blei utropt til keisar av soldatane i Britannia. I motsetning til tidlegare keisaremne i provinsen lukkast han i å sikre makta over imperiet.

Etter at Konstans døydde blei ein ny usurpator utropt til keisar. Magnentius styrte provinsen fram til 353, då han blei slått og fall i slaget med Mons Seleucus. Konstantius II sende den keisarlege notaren Paulus Catena for å ta seg av Magnentius sine støttespelarar. Dette utvikla seg til ei heksejakt, og vicarius Flavius Martinus greip inn. Paulus svarte med å skulde Martinus for svik, og Martinus såg seg nøydd til å angripe Paulus med sverd for å drepe han. Episoden enda med at Martinus tok livet sitt.

På 300-talet auka hyppigheita og omfanget av angrepet på Britannia, spesielt frå saksarar i aust og irar i vest. Forta som blei bygde frå slutten av det 3. hundreåret blei forsterka, men var ikkje nok til å stå imot angrepa. Då det i tillegg oppstod indre konfliktar i garnisonane ved Hadrians mur oppstod det i 367 ei krise, kjend som den store konspirasjonen. Den blei tilslutta løyst av Theodosius den eldre, faren til den seinare keisaren Theodosius I, gjennom ei rad militære og sivile reformer.

I 383 kom nok ein usurpator, Magnus Maximus, som gjorde opprør i Segontium. Han tok med seg styrkar over kanalen til Britannia, og kjempa med hell mot piktarane og skottar omkring år 384. Han tok også store delar av den vestlege delen av imperiet. Men då han trong større styrkar på kontinentet og henta over delar av legionane frå Britannia, nytta irane moglegheita til å utføre raid i det nordlege Wales.

Opprøret enda i 388, men ein var då ikkje istand til å sende ein full styrke attende til Britannia. Romarane hadde lidd store tap i slaget ved Hadrianopolis i 378, og sleit med å finne nok soldatar til å vakte grensene. Fyrst i 396 blei det, på grunn av nye angrep på Britannia som truleg blei leia av vandalen Stilicho, send forsterkningar dit. Keisaren sende flåtestyrkar, og i 399 var det igjen fred i Britannia. Men garnisonane blei ikkje forsterka, og i 401 blei ytterlegare styrkar trekte ut for å kjempe mot Alaric.

Slutten på det romerske styret endre

Den siste perioden av det romerske styret må fyrst og fremst utforskast gjennom arkeologi, ettersom dei skriftlege kjeldene er dårlege for denne perioden. Det tradisjonelle synet har vore at det var ein kraftig og generell tilbakegang for alle sider av samfunnet, men sidan 1950-åra har dette blitt revurdert. Ein har for eksempel funne ut at det blei reist nye bygningar i Verulamium og Cirencester, mens eldre bygningar blei brukte til nye formål. Angrepa mot provinsen ser ut til å ha vore retta mest mot landsbygda, mens byane slapp lettare unna. Øydeleggingsslag i fleire byer har blitt datert til seinare periodar, mens ein tidlegare trudde at byane blei øydelagde mot slutten av romersk tid. Nokre av byane, som Canterbury, Cirencester, Wroxeter, Winchester og Gloucester heldt fram å eksistere på 400- og 500-talet. Fleire romerske villaer fekk nye mosaikkgolv i denne perioden, noko som viser at ikkje alle hadde økonomiske problem. Samtidig var det utvilsamt slik at fleire byer blei forlatne, og at det på mange område kom ei nedgangstid på 400-talet.

Ein har funne svært få myntar slått mellom 378 og 388, noko som også er eit teikn på økonomiske nedgangstider. Det blir fortalt i kjeldene om problem med å betale ut lønn til soldatane, og størrelsen på styrkane blei redusert. I løpet av 390-åra begynte pengar å sirkulere meir igjen, men ikkje slik som i tidlegare periodar under det romerske styret. Etter 402 blei det slått svært få kobbermyntar, men sølv- og gullmyntar var framleis tilgjengelege. Etter 407 blei ingen nye romerske myntar sett i sirkulasjon, og ein går ut frå at innan 430 var romersk mynt ikkje lenger i bruk som vanleg betalingsmiddel. Storproduksjon av keramikk hadde truleg blitt gjeve opp eit par tiår før dette; mens dei rike heldt fram med å bruke metall og glas begynte dei fattige å bruke beger og kar av lêr eller tre.

 
Mynt slått av usurpatoren Konstantin III

I 407 blei Konstantin III utropt til keisar av soldatane i Britannia. Han kryssa kanalen og gjekk inn i Gallia med ein hær. Det er uklart kor mange soldatar som blei igjen, og om det nokon gong blei utnemnt ein ny kommandant. Då saksarane invaderte med ein stor hær i 408 var det britane sjølv som slo dei tilbake, og i 409 skal britane, ifølge Zosimus, ha kasta ut sivile romerske embetsmenn. I 410 sende keisar Honorius eit reskript som gjorde det klart at Roma ikkje lenger ville sende soldatar for å forsvare britane. Dette kom som eit svar på ei bønn om hjelp, noko som er underleg i lys av at ein året før kasta ut romarar; historikaren E.A. Thompson har forklart dette med at det truleg dreier seg om eit opprør frå dei lågare klassane mot jordeigarane i 409, og såg ei bønn om hjelp frå jordeigarane i 410. Ein liknande situasjon i Gallia på same tid er betre dokumentert, så dette er eit plausibelt scenario.

Ettersom ein no ikkje hadde verken sivile eller militære embetsmenn begynte samfunnet å reorganisere seg. Høvdingar eller krigsherrar begynte å etablere seg over heile øya; mange av dei hadde romerske ideal og konvensjonar som førebilete.

Kristendommen hadde etablert seg i delar av befolkninga. Den var sterkt influert av Pelagius' lære om fri vilje, som blei erklært for å vere ei heresi av kyrkja i Roma. Religionen ser ut til å ha vore ein motivasjonsfaktor i britane si avgjerd om å kaste ut romarane. Det var likevel ikkje før på slutten av dei 6. hundreåra at kristninga av øya verkeleg skaut fart.

Saksarane si busetnad tok til på denne tida. Vortigern oppfordra fleire til å kome over frå kontinentet for å kjempe mot britane og piktarane. Gildas fortel at Vortigern frykta ein ny romersk invasjon, og det er mogeleg at dette var grunnen til at saksarane spesielt fokuserte på det søraustlege England, det området der romarane hadde gått i land tidlegare.

Med slutten på det romerske styret begynte ein ny periode i britisk historie, kjend som sub-romersk Britannia.

Byar i romersk Britannia endre

Der både latinsk og engelsk bynamn er markert som peikar finst det eigen artikkel om byen i romersk tid.

Blant dei viktigaste byane var:

Latinsk namn Moderne namn
Aluana Alcester
Aquae Sulis Bath
Camulodonum Colchester
Corinium Cirencester
Deva Chester
Durnovaria Dorchester
Durovernum Canterbury
Eboracum York
Glevum Gloucester
Isca Dumnoniorum Exeter
Lactodorum Towcester
Lindum Lincoln
Londinium London
Mamucium Manchester
Moridunum Carmarthen
Noviomagus Chichester
Portus Dubris Dover
Ratae Coritanorum Leicester
Venta Belgarum Winchester
Venta Silurum Caerwent
Verulamium St. Albans

Kjelder endre

  1. George Patrick Welsh (1963): Britannia: the Roman Conquest and Occupation of Britain, ss. 27-31
  2. Herodot: Histories 3.115
  3. Plutarch:, Livet til Cæsar 23.2
  4. Julius Cæsar: Commentarii de Bello Gallico 4.20-36
  5. Julius Cæsar: Commentarii de Bello Gallico 5.8-23
  6. Dio Cassius: Romersk historie 49.38, 53.22, 53.25
  7. Strabon: Geografi 4.5
  8. Keith Branigan (1987): The Catuvellauni
  9. Augustus: Res Gestae Divi Augusti 32
  10. Tacitus: Annalene 2.24
  11. John Creighton (2000): Coins and power in Late Iron Age Britain, Cambridge University Press
  12. Sveton: Caligula 44-46; Dio Cassius: Romersk Historie 59.25
  13. Cassius Dio: Romersk historie 60.19-22
  14. Tacitus: Histories 3.44
  15. Tacitus: Annalene 14.32
  16. Tacitus: Annalene 14.34
  17. Webster, Graham: The Roman Imperial Army of the first and second centuries A.D. University of Oklahomah Press, ny utg. av 3. reviderte utgav. 1998 ISBN 978-0806130002. Side 66
  18. For eksempel, Manley, John: AD 43: The Roman Invasion of Britain: a Reassessment, 2002.
  19. Sveton: Vespasian 4
  20. Tacitus: Agricola 14

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Romersk Britannia