Chiharu Igaya
Chiharu Igaya (fødd 20. mai 1931) er ein japansk tidlegare alpinist som vann OL-sølv i 1956 og VM-bronse i 1958, begge medaljane i slalåm. Han var den fyrste alpinisten frå Asia som hevda seg i verdstoppen. Igaya har vore medlem av Den internasjonale olympiske komitéen frå 1982, sidan 2005 har han vore ein av visepresidentane.
Chiharu Igaya | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 20. mai 1931 (93 år) Tomari |
Yrke | alpinist |
Språk | japansk, engelsk |
Høgd | 166 centimeter |
Medlem av | Den internasjonale olympiske komitéen |
Far | Kunio Igaya |
Chiharu Igaya på Commons |
Aktiv
endreIgaya, som vart fødd i landsbyen Tomari på Hokkaido, byrja satse på skisport medan han studerte ved Dartmouth College i delstaten New Hampshire i USA, der den tidlegare verdsmeisteren Walter Prager var trenaren hans. I 1952 deltok Igaya for fyrste gong i Vinter-OL, og vart nummer elleve i slalåmtevlinga i Rødkleiva.
Vinteren 1954 vann han slalåmtevlinga og kombinasjonen under den opne amerikanske meisterskapen. Ved dei olympiske leikane i Cortina d'Ampezzo i 1956 rann han inn til sølvmedalje i slalåm, slått einast av OL-kongen Toni Sailer.
Under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein i Austerrike tok Igaya bronsemedaljen i slalåm, og kom på sjetteplass i storslalåm og fjerde i kombinasjonen. I 1960 vann Igaya sin siste meistertittel i den amerikanske meisterskapen. Same sesongen vart han nummer tolv i slalåm under OL i Squaw Valley i California. Deretter la han opp som aktiv alpinist.
Kjelder
endre- (en) Chiharu Igaya – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Denne artikkelen bygger på «Chiharu Igaya» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2015.