Chlamydomonas reinhardtii

Chlamydomonas reinhardtii er ein einsella grønalge som lever i jord og vasshaldige miljø. Han føretrekkjer temperaturar mellom 20 og 32 grader celsius.[1]

Chlamydomonas reinhardtii
Chlamydomonas reinhardtii
Chlamydomonas reinhardtii
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Chlorophyta
Klasse: Chlorophyceae
Orden: Volvocales
Familie: Chlamydomonadaceae
Slekt: Chlamydomonas
Art: C. reinhardtii
Vitskapleg namn
Chlamydomonas reinhardtii

C. reinhardtii har vore nytta i mange tiår som ein modellorganisme for sellebiologi, særskilt for samansetjinga av flagellar og fotosyntese.[2] Ei skisse av genomet til organismen på kring 120 megabasar vart publisert i 2007.[3]

Kjelder

endre
  1. Xie, Bo; Bishop, Shawn; Stessman, Dan; Wright, David; Spalding, Martin H; Halverson, Larry J (2013). «Chlamydomonas reinhardtii thermal tolerance enhancement mediated by a mutualistic interaction with vitamin B12-producing bacteria». The ISME Journal 7 (8): 1544. PMID 23486253. doi:10.1038/ismej.2013.43. 
  2. Schroda, Michael (desember 2004). «The Chlamydomonas genome reveals its secrets: Chaperone genes and the potential roles of their gene products in the chloroplast». Photosynthesis Research 82 (3): 221–40. PMID 16143837. doi:10.1007/s11120-004-2216-y. 
  3. Merchant, S. S.; Prochnik, S. E.; Vallon, O.; Harris, E. H.; et al. (12. oktober 2007). «The Chlamydomonas Genome Reveals the Evolution of Key Animal and Plant Functions». Science 318 (5848): 245. PMID 17932292. doi:10.1126/science.1143609. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.