Chris Copping
Chris Copping (fødd 29. august 1945 Middleton i Lancashire i England) er ein engelsk musikar og låtskrivar som var medlem av Procol Harum i 1970-åra. Han har òg skrive musikk for film og fjernsyn. Han spelar hovudsakleg orgel, piano og bassgitar.
Chris Copping | |||
| |||
Fødd | 29. august 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Middleton i Stor-Manchester | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | musikar, komponist, songar-låtskrivar |
I 1960-åra var han med i bandet The Paramounts som gitarist, men forlet dei i desember 1962 for å studere kjemi. I 1969 vart han invitert av Robin Trower til å overta for Matthew Fisher på orgel og David Knights på bass i Procol Harum. På dette tidspunktet bestod bandet berre av tidlegare Paramounts-medlemmar.[1]
Mellom 1969 og 1977 spelte Copping inn sju album med Procol Harum. Copping skifta mellom å spele bassgitar og hammondorgel etter kvart som andre musikarar kom med i bandet. Etter albumet Something Magic forlet han bandet og vart erstatta av Dee Murray for den påfølgjande turneen, før bandet gav seg.
I 1978 flytta han til Australia der han framleis spelar musikk og skriv songar. I nyare år har han arbeidd med musikarar som Mark Hilton, JoJo Leslie og Astrid Munday.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chris Copping» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Johansen, Claes (2000). Procol Harum. Wembley: SAF. s. 127–128. ISBN 0-946719-28-4.
Bakgrunnsstoff
endre- Procol Harum.com om Chris Copping
- Heimeside Arkivert 2007-04-04 ved Wayback Machine.