Opna hovudmenyen

Chris Whitten (fødd 26. mars 1959) er ein britisk studio-trommeslagar som har spelt trommer på hitsinglane «What I Am» av Edie Brickell & New Bohemians, «World Shut Your Mouth» av Julian Cope og «The Whole of the Moon» av The Waterboys. To kritikarroste prosjekt som Whitten medverka på var Paul McCartney sitt Flowers In The Dirt i 1989 og den siste verdsturneen til Dire Straits i 1991-1992 i samband med det siste studioalbumet deira, On Every Street. Han spelte òg trommer på albumet Titanic (1982) av den italienske låtskrivaren Francesco De Gregori. Han har òg spelt med artistar som Tom Jones, Johnny Cash, The Pretenders, Swing Out Sister, ABC og The The.

Chris Whitten
Fødd26. mars 1959 (60 år)
FødestadEngland
OpphavStorbritannia
SjangerRock, pop, verdsmusikk
Instrumenttrommer, perkusjon, vokal
Kjende instrumentNoble & Cooley
Tilknytte artistarPaul McCartney, Dire Straits, Tom Jones, Johnny Cash, The Pretenders, ABC, The The, Edie Brickell & New Bohemians, Julian Cope, The Waterboys
Verka sommusikar, trommeslagar

KjelderEndra