Christa Wolf

tysk skribent, manusforfattar og politikar

Christa Wolf (fødd 18. mars 1929 i Landsberg an der Warthe, død 1. desember 2011) var ein tysk forfattar.

Christa Wolf
Oliver Mark - Christa Wolf, Berlin 2010.jpg
Fødd 18. mars 1929
Gorzów Wielkopolski
Død

1. desember 2011 (82 år)
Berlin

Yrke skribent, manusforfattar, politikar, Uoffisiell medarbeider, romanforfattar, essayist, journalist, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, kritikar, forfattar
Språk tysk
Sjanger prosa
Ektefelle Gerhard Wolf
Born Annette Simon
Christa Wolf på Commons

Christa Ihlenfeld vart fødd i Landsberg an der Warthe i Tyskland, som i dag ligg i Polen. Ho og familien hennar måtte flykte til Mecklenburg i 1945. Christa Ihlenfeld byrja å arbeide som skrivehjelp i ein småby i nærleiken av Schwerin. Ho fullførte Abitur (artium) i 1949 i Bad Frankenhausen (Thüringen) og vart same år medlem av kommunistpartiet SED. Christa Wolf studerte germanistikk i Jena og Leipzig frå 1949 til 1953. Ho gifta seg med forfattaren Gerhard Wolf. Dei fekk ei dotter, Annette, i 1952.

Christa Wolf var lektor ved ulike forlag og redaktør for avisa «Neue Deutsche Literatur» (ndl). Ho var medlem av forfatterforeininga i DDR frå 1955 til 1977. Wolf har budd i Kleinmachnow ved sida av Berlin frå 1962 til 1976. Ho protesterte mot utvisinga av Wolf Biermann i 1976 og vart difor kasta ut av forfattarforbundet.

Christa Wolf vart kjent for romanar som Der geteilte Himmel (Den delte himmelen) og feministisk litteratur med Kassandra og Medea, men ho var alltid kritisk mot DDR-systemet, sjølv om ho støtta den sosialistiske idéen.

Christa Wolf døydde den 1. desember 2011 i Berlin.[1]

Prisar og utmerkingar (utval)Endra

KjeldeEndra

FotnotarEndra