Christen Adolf Heide Nielsen (27. november 18541926) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vik i Nordland. Han var medlem av Venstre. Sivert Nielsen var far hans.

Christen Nielsen
Fødd 27. november 1854
Død

28. november 1926

Yrke politikar

Nielsen var gardbrukar. Han var i mange år ordførar i Vik og forlikskommissær. I 1892 var han medlem av lappekommisjonen.

Nielsen var 4. representant frå Nordlands amt til Stortinget 1892-94. Dessutan møtte han som varamann på Stortinget heile 1889-sesjonen, i 1897 frå 12. juli og 1900 frå 31. mai. I 1889 var han medlem av næringskomite nr 1, 1892-94 av vegkomiteen, medan han i 1897 og 1900 var medlem av Lagtinget, 1897 også av justiskomiteen.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914