Christensen Nunatak
Christensen Nunatak er ein nunatak 1 nautisk mil nord for Robertsonøya i Seal Nunataks, utanfor austkysten av Den antarktiske halvøya. Han vart oppdaga i 1893 av ein norsk ekspedisjon under Carl Anton Larsen, som namngav han etter Christen Christensen frå Sandefjord, ein pioner innan moderne kvalfangst i Antarktis. Han vart kartlagd i 1902 av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld, og i 1947 og 1953 av Falkland Islands Dependencies Survey.[1]
Christensen Nunatak | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Seal Nunataks | ||
Fjellkjede | Seal Nunataks | ||
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 65°6′S 59°31′W / 65.100°S 59.517°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Christensen Nunatak 65°06′00″S 59°31′00″W / 65.1°S 59.5167°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Christensen Nunatak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Christensen Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).