Christian Ditlev Adolph Arenfeldt

(Omdirigert frå Christian D. A. Arenfeldt)

Christian Ditlev Adolph Arenfeldt (fødd 13. februar 1758 i Flensburg, død 10. juni 1833 i Kristiansand)[1] var ein dansk-norsk offiser.

Christian Ditlev Adolph Arenfeldt

Christian Ditlev Adolph Arenfeldt, kopi måla av Andreas Bloch. Tilhøyrer Eidsvoll 1814
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. februar 1758
Flensburg
Død

10. juni 1833 (75 år)
Kristiansand

Yrke Offiser
Christian Ditlev Adolph Arenfeldt på Commons

Arenfeldt kom til Noreg i 1787 da han vart utnemnd til sjef for Jarlsbergske kompagni av 2. smålenske infanteriregiment. I 1789 gjekk han over til det norske jegerkorpset, blei major i 1798, oberstløytnant i vesterlenske infanteriregiment i 1806, oberst og sjef for regimentet og kommandant i Kristiansand i 1811.[1]

Han deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814. I 1814 var han generalmajor med ansvar for dei norske styrkane ved utløpet av Glomma. Under vapenkvilen hausten same år hadde han kommandoen over den norske hær.

Familie

endre

Arenfeldt var gift med Pauline Charlotte Marie Harbou. Dei fekk sju barn, to vaks opp; Andrea fødd i 1790 og Julius Friedrich fødd 1796. Sonen Julius gifte seg med Petronelle Holm og kom inn som eigar av lystgarden Gimle gard i Kristiansand. Garden var i familiens eige fram til 1982 og er no ein del av Kristiansand museum.[2]

Utmerkingar

endre

Arenfeldt vart riddar av Dannebrogordenen i 1809 og kommandør i 1811.[1] I 1814 blei han tildelt Sverdordenen av Karl Johan.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 C.D.A. Arenfeldt frå Dansk biografisk leksikon / Den Store Danske
  2. Katrin Pabst: Adolph Arenfeldt, en herremann mellom tradisjon og modernitet. Et bidrag til Gimle gårds historie, side 5, 6 og 7
  3. Christian Ditlev Adolph Arenfeldt Arkivert 2012-04-23 ved Wayback Machine. frå Oslo Militære Samfund (Word-dokument)