Christian Haaland

norsk politikar

Christian Wegner Haaland (6. februar 189220. oktober 1952) var ein norsk skipsreiar frå Haugesund og politikar for partiet Høgre.

Christian Haaland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. februar 1892
Død

20. oktober 1952 (60 år)

Yrke politikar
Politisk parti Høgre

Han var son av banksjef Thomas Wegner Haaland og Anna Christine Knudsen. I 1915 gifta han seg med Ida Caroline Knutsen (f. 10. september 1894), dotter av skipsreiar Knut Knutsen O.A.S. Saman fekk dei borna Thomas Wegner Christian (f. 4. mars 1917), Elisabeth f. og d. 1919), Elisabeth (f. 22. september 1920), Anna Christine (f. 14. juni 1923) og Ida Karoline (f. 18. juli 1926).

Han gjekk på handelsgymnas i Oslo og hadde eit opphald i England for å utdanna seg innan shipping. I februar 1915 kjøpte han sit første skip, «Annaho», oppkalla etter mor hans. Svigerfar Knut Knutsen O.A.S. var medeigar og garantist for fleire av skipa kjøpt i etableringsfasen til reiarlaget. Før Haaland fekk eige kontor i byen i 1918-1919, hadde han delt kontor med Knutsen på Vibrandsøy i Haugesund. Som mange norske reiarlag, ekspanderte òg reiarlaget til Haaland kraftig i løpet av første verdskrigen. I 1921 var han den tredje største reiaren i Haugesund. Mellom 1920-1923 vart villaen i Salhusveien 11 i Haugesund oppført etter teikningar av den kjende bergensarkitekten Ole Landmark.

Frå 1937 til 1940 var Haaland president for Norges Rederiforbund.

Åra 1945–1949 var han vararepresentant for Stortinget for kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland fylke (Flekkefjord, Haugesund, Kristiansand, Mandal, Stavanger). På det lokale planet var han ordførar i Haugesund i 1925, 1928–1931 og 1945.

Haaland var medlem av ei rekkje ulike komitear og styre, blant anna i tilknyting til Haugesunds Handelskammer, Haugesunds Sjøforsikringsselskap, Haugesunds Dagblad og Haugesund sparebank.

Kjelder endre