Christian Hansen Ernst

Christian Hansen Ernst (d. 17. august 1694) var ein myteomspunnen norsk embetsmann som jobba som vegar, målar og vrakar i Kragerø. Han kan ha vore den første norske embetsmannen med afrikansk opphav. Ifølgje lokal tradisjon vart Ernst, den såkalla «negerpostmesteren», stukken ned og drepen på open gate i Kragerø natt til 17. august 1694. Gata der drapet skal ha skjedd er i dag kalla Knivstikkersmauet.

Christian Hansen Ernst
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1660
Død

17. august 1694 (34 år)
i Kragerø

Yrke embetsmann
Ulrik Frederik Gyldenløve, måla saman med det mange trur er Christian Hansen Ernst. Kopi av måleri. Tilhøyrer Eidsvollminnet.
Knivstikkersmauet i Kragerø, som er gata der Ernst skal ha vorte knivdrepen.

Bakgrunn endre

Ernst var kanskje fødd i England, i alle fall oppheldt han seg i London då han i 1669 vart tilsett hjå den norske statthaldaren Ulrik Fredrik Gyldenløve, som var i London på den tida som utsending hjå den engelske kongen. Då Gyldenløve reiste til Noreg for å vere statthaldar i 1673, følgde Ernst med.[1] Ernst kom til Kragerø saman med engelskmannen James Wicker, som var tollar.

Tida i Kragerø endre

Det einaste som er kjend om Ernst, er at han fekk kongebrev på stillinga som vegar, målar og vrakar i Kragerø i 1687 og vart gravlagt der i august 1694. Ernst var ikkje eingong postmeister, slik tradisjonen vil ha det til, det var det tollaren Wicker som var. Det er likevel mogleg at Ernst jobba for Wicker og vart kalla postmeister blant folk flest. Korleis og kvifor Ernst døydde, eller for den del kva hudfarge han hadde, finst det derimot ingen sikre kjelder på.

Kjeldene til drapet på Ernst endre

Den fyrste kjelda til drapet på Ernst er eit lokalhistorisk manuskript frå Kragerø, skrive av Marcus Bærnholdt rundt 1750, altså nærmare 60 år etter at Ernst døydde. Her står det at Ernst vart stukken ned på open gate og drepen. I tillegg står det at Ernst var ein «morian», altså ein mørkhuda person. Historikaren Ludvig Daae publiserte ei historie om drapet, basert på historia til Bærnholdt, i 1891. I tillegg til den skrivne lokalhistoria har det òg eksistert munnlege tradisjonar kring Ernst og drapet på han, krydra med detaljar om at hudfargen til Ernst var årsaka til drapet, altså at det var eit rasistisk motivert drap. Felles for desse munnlege tradisjonane er at dei truleg har oppstått etter Daae sin publikasjon.

Det er difor usikkert kva som er myter og kva som er sant når det gjeld Ernst. Ifølgje historikaren Ola Teige kan ein, på bakgrunn av kjeldene, rekne med at ein svart mann jobba i Kragerø frå 1687, og at han vart gravlagt i byen i 1694. Ein veit derimot ikkje korleis eller kvifor han døydde.[2]

Kjelder endre

  1. Hamran, Ulf. (13. februar 2009). Christian Hansen Ernst. I Norsk biografisk leksikon. Henta 26. oktober 2017.
  2. Norgeshistorie.no, Ola Teige, «Mysteriet om postmesteren i Kragerø» Arkivert 2017-10-28 ved Wayback Machine.. Henta 26. okt. 2017.