Christian Horrebow Homann

Christian Horrebow Homann (16. august 182611. mars 1880) var ein norsk lege og stortingsmann, fødd og død i Kragerø.

Christian Horrebow Homann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. august 1826
Kragerø kommune
Død

11. mars 1880 (53 år)
Kragerø kommune

Yrke politikar, lege
Språk norsk
Far Christian Horrebow Homann

Homann, som var son til ein distriktslege, vart student i 1842 og cand.med. i 1849. Deretter arbeidde han i teneste hos far sin til denne døydde i 1860, tok då over som distriktslege etter faren. Han deltok i 1867 på den internasjonale legekongressen i Paris, og seks år seinare som Noregs delegat ved den tredje internasjonale kongressen i Wien. «Homann var føre si tid når det galdt å finna årsaka til dei epidemiske sjukdomane, som han hevda kom av levande smittestoff». Han granska også utbreiinga av tuberkulosen.

Homann var i årevis medlem av Kragerø bystyre og ei tid ordførar. Han representerte Kragerø på Stortinget 1874-76. I 1874 var han medlem av bankomitteen, 1875-76 av næringskomite nr 1. Han sa frå seg attval.

Kjelder endre