Christian Lous Lange

norsk diplomat og vinnar av Nobels fredspris 1921

Christian Lous Lange (17. september 186911. desember 1938) var ein norsk fredspolitikar.

Christian Lous Lange

Fødd17. september 1869
Stavanger kommune
Død11. desember 1938 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkehistorikar, statsvitar, skribent, fredsaktivist, diplomat, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Stavanger katedralskole
BarnCarl Viggo Lange, Halvard Lange, August Lange, Thora Manthey Lange
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Nobelprisen

Nobels fredspris
1921

Lange blei cand.mag. i 1893. I dei påfølgjande åra var han dels på lengre studiereiser for å lære seg språk, dels jobba han som lærar i Oslo. Mellom 1900 og 1910 var han sekretær ved Nobelinstituttet og Nobelkomiteen i Oslo og bibliotekaren og forretningsføraren til stiftinga.

Frå 1909 var han generalsekretær ved Den interparlamentariske unionen, fyrst i Bern, deretter i Brussel og til slutt i Genève. Dette embetet heldt han heilt til 1933, og det var dette embetet som gjorde at han blei tildelt Nobels fredspris i 1921. Han er spesiell som mottakar av Nobels fredspris av di at heile virket hans i mange år dreidde seg nettopp om fred, og vilkår for fredelege løysingar. Lange var attpåtil den fyrste nordmannen som blei tildelt fredsprisen.

I 1919 blei han kreert til dr.philos. ved Universitetet i Oslo på grunnlag av verket Histoire de l'internationalisme.

Han var far til utanriksminister Halvard Lange og stortingsrepresentant Carl Viggo Lange; og etterkommar av Christian Christoph Andreas Lange, riksarkivar og ein viktig person for tilgang til norsk mellomalderlitteratur.

Bibliografi endre

  • Lærebok i verdenshistorie fra oldtidens slutning til vore dage (med H. Schjøth)
  • Histoire de l'internationalisme (1919) (Fyrste del av eit stort anlagt verk)
  • Lærebok i verdenshistorie (1931) (med N. Østbye)

Bakgrunnsstoff endre