Carl Viggo Lange

norsk lege og politikar

Carl Viggo Manthey Lange (9. april 190431. mai 1999) var ein norsk lege og politikar som var stortingsrepresentant frå trønderbyane for Arbeidarpartiet i perioden 1950-53. Fredprisvinnar Christian Lous Lange var far hans, medan politikaren Halvard Lange og skulemannen August Lange var brørne hans.

Carl Viggo Lange

Fødd9. april 1904
Christiania
Død31. mai 1999 (95 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lege
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarChristian Lous Lange
Alle verv

Carl Lange tok examen artium i 1922 og vart cand.med. i 1929. Han var privatpraktiserande lege i Oslo 1930-34 og i Trondheim frå 1934, til han frå 1946 var helseinspektør i byen. I 1955 flytta han til Kristiansand og arbeidde som distriktslege i Oddernes til han perioden 1964-74 var fylkeslege i Vest-Agder.

Den 9. mars 1942 vart Lange arrestert i Trondheim og sat sidan i fangenskap i Falstad leir til dess Tyskland kapitulerte i mai 1945. I Falstad leir gjorde han ein stor innsats som lege for medfangane.

Lange var medlem av bystyret i Trondheim frå 1945 til han flytta i 1955. Han var stortingsrepresentant 1950-53 for kjøpstadene i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylke; Trondheim og Levanger. På Stortinget var medlem i Sosialkomiteen. Med omskipinga til fylkesvise krinsar ved stortingsvalet 1953 nådde ikkje Lange høgt nok opp på Sør-Trøndelag Arbeidarparti si valliste til å verte attvald.

Kjelder endre