Den interparlamentariske unionen

Den interparlamentariske unionen (IPU, engelsk Inter-Parliamentary Union, fransk L'Union Interparlementaire) er verdas einaste parlamentarikarforsamling med globalt medlemskap.[1] Han har 166 nasjonalforsamlingar som medlemmar, og 10 assosierte medlemmar (Europaparlamentet og regionale forsamlingar).[2] IPU vart skipa i 1889 etter initiativ av Frédéric Passy og William Randal Cremer.[3]

Den interparlamentariske unionen

Skipa1889
HovudkontorGrand-Saconnex, Genève
MottoFor Democracy. For everyone.
Nettstadhttp://www.ipu.org Sjå dette på Wikidata
Hovudkontoret i Genève.

Hovudkvarteret ligg i Genève i Sveits. IPU har to årlege kongressar, som blir avvikla anten i medlemslanda eller i Genève.[1]

Den norske delegasjonen blir vald av Stortinget for fire år etter kvart stortingsval, og er samansett av fire medlemmar og fire varamedlemmar. Årsrapporten frå delegasjonen til IPU blir lagd fram som eige dokument og handsama av Stortinget.[1]

Frå 1901 til 1927 fekk åtte av dei leiande personane i organisasjonen Nobels fredspris;[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Den Interparlamentariske Union (IPU)». Stortinget. Henta 29. september 2015. 
  2. «Members of the Union». Inter-Parliamentary Union. Henta 29. september 2015. 
  3. 3,0 3,1 «Brief history». Inter-Parliamentary Union. Henta 29. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den interparlamentariske unionen