Christian P. Mathiesen
Christian Pierre Mathiesen (14. april 1870–1953) var ein norsk godseigar, statsråd og stortingsmann for partiet Høgre. Haaken Mathiesen var far hans.
Christian P. Mathiesen | |||
| |||
Fødd | 14. april 1870 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 8. august 1953 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Haaken C. Mathiesen | ||
Barn | Haaken C. Mathiesen d.y. | ||
Alle verv |
|
Mathiesen var frå Kristiania. Han vart student frå Aars og Voss skole i 1888, og tok eksamen ved Sem landbruksskole i 1890. Han studerte agronomi vidare i Danmark i eit år. I 1893 overtok han storgarden Linderud i Østre Aker etter far sin, der han budde sidan. Garden vart i hans tid utvikla til eit mønsterbruk med omfattande verksemd.
Han var statsråd og sjef for Landbruksdepartementet frå 22. oktober 1903 til 25. september 1904 i Francis Hagerups andre regjering.
I perioden 1900-03 var Mathiesen 3. representant frå Akershus amt på Stortinget, representerte Høgre (Samlingspartiet).
Mathisen hadde ei rekke kommunale verv i Aker og vidare. Han var både varaordførar i heradsstyret, direktør i sparebanken, samt formann i representantskapet i Selskabet for Norges Vel. Vidare var han med å starte Fellesslakteriet og hadde ei rekke styreverv i institusjonar og industriføretak. Han skreiv ei lang rekke innlegg i pressa om økonomi, politikk og landbruk.
I 1904 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han var også kommandør av den danske Dannebrogordenen. År 1939 vart han æresmedlem i Selskabet for Norges Vel.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Christian P. Mathiesen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Linderud gård. Oslo kommune