Christian P. Storjord
Christian Angell Pedersson Storjord (24. mars 1848–19. juli 1914) var ein norsk gardbrukar, kommunemann og stortingsmann frå Beiarn i Nordland. Han var venstremann.
Christian P. Storjord | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. mars 1848 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Storjord var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han 1867-68 på Nordland amt sin landbruksskule. Frå 1869 var han i to år gardsstyrar på Løvøy i Steigen, deretter to år i same stilling på prestegarden i heimbygda Beiarn. I 1873 overtok han farsgarden og dreiv denne sidan.
Storjord var medlem av heradsstyret i Beiarn 1876-1910, i 20 av dei 35 åra var han ordførar. Tida 1881-88 var han også kommunekasserar. Elles var han forlikskommissær, styreformann for Saltens fiskeriselskap og sat òg i mange andre framskotne posisjonar.
I alle stortingsbolkane frå 1889 til -97 var Storjord varamann til Stortinget for Venstre i Nordland. Perioden 1906-09 var han Søndre Salten krins sin representant på Stortinget. Han var då medlem av landbrukskomiteen. Grunna sjukdom, møtte han ikkje i 1909-sesjonen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914