Christian Paus
norsk politikar
Christian Paus (15. februar 1785–6. november 1869) var ein norsk proprietær og stortingsrepresentant frå Skien.
Christian Paus | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. februar 1785 Skien kommune |
Død |
6. november 1869 (84 år) |
Yrke | politikar, proprietær |
Språk | norsk |
Paus var son av ein skipper frå Skien. Faren døydde til sjøs i 1797, då sonen var 12 år gammal. I vaksen alder, år 1816, kjøpte Paus garden Kjølsnes i Gjerpen av svograne sine, Niels og Frederik Løvenskiold for 20 000 spesiedalar. Han dreiv sidan garden, fekk dyrka opp og utvida jordvidda. I 1831 var han mellom stiftarane av Selskabet for Gjerpen Sogns Vel i 1831.
Paus representerte Bratsbergs amt på Stortinget 1830. Han var medlem av komiteen om gasjar, pensjonar, budsjett og skattevesen. Til to storting, 1821 og 1827, var han 1. varamann.
Han døydde på Kjølsnes i 1869.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Christian Paus NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv