Frederik Løvenskiold
Frederik Michael Frantz Wilhelm Løvenskiold (23. november 1790–28. januar 1869) var ein norsk godseigar, jarnverkseigar, stortingsmann og postmeister, fødd i Porsgrunn. Severin Løvenskiold var bror hans.
Frederik Løvenskiold | |
![]() | |
Fødd | 23. november 1790 |
---|---|
Død | 28. januar 1869 (78 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Yrke | politikar |
Mor | Benedicta Henrikka Aall |
Far | Severin Løvenskiold |
Ektefelle | Maren Fransisca Paus |
Barn | Severin Jacob Løvenskiold, Herman Løvenskiold |
Alle verv |
|
Løvenskiold var fødd i Porsgrunn, faren var godseigar. Sjølv vart han sjøkadett i 1800, knapt 10 år gammal. 1808-14 var han sekondløytnant i sjøetaten, deltok i strid i 1814. Frå 1814 var han eigar av herregarden Rafnes i Bamble, og året etter av Bolvik jarnverk.
Løvenskiold var stortingsrepresentant frå Bratsbergs amt både i 1827, 1828 og 1830. I 1827 var han medlem av militærkomiteen, komiteen om berg- og skogvesen og sekretær i komiteen om borgarvæpninga. På omframstortinget 1828 var han sekretær i komiteen om vernepliktslova, medan han i 1830 var medlem av militærkomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.
1832-62 var Løvenskiold postmeister i Christiania. Han døydde i hovudstaden i 1869.
Kjelder Endra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Bokmålswikipedia
- Biografisk informasjon om Frederik Løvenskiold NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv