Christian Pravda (8. mars 192711. november 1994) var ein austerriksk skirennar som vart verdsmeister i utfor i svenske Åre i 1954. Han var fødd i Kufstein og døydde i Kitzbühel,

Christian Pravda
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 8. mars 1927
Kufstein
Død

11. november 1994 (67 år)
Kitbuhel

Yrke alpinist

Aktiv endre

Pravda deltok i slalåmtevlinga under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, men kom aldri til mål. To år seinare var han med til VM i alpine greiner 1950 i Aspen i den USA-amerikanske delstaten Colorado, der femteplassen i utforrennet vart hans beste plassering.

Under dei olympiske leikane 1952 i Oslo vann Pravda sølvmedaljen i storslalåm, 1,9 sekundar bakom olympiameister Stein Eriksen frå Noreg. Dagen etter tok Pravda bronsemedaljen i utfor, italienaren Zeno Colò vann føre Othmar Schneider, ein landsmann av Pravda.

Høgdepunktet opplevde Pravda då han under VM i alpine greiner 1954 i Åre vann gullmedaljen i utfortevlinga. I tillegg tok han sølvet i kombinasjonen og vart nummer fire i slalåm.

Etter å reklamert for eit fransk skimerke vart han utestengd frå idretten i eitt år og gjekk glipp av Vinter-OL 1956.

Frå 1951 til 1958 vann Pravda åtte austerrikske meisterskap; tre i slalåm, to både i storslalåm og i kombinasjon, samt eitt i utfor. Han la opp som aktiv FIS-løpar i 1959. Fram til byrjinga av 1970-åra arbeidde han som skilærar i USA, flytta så heim til Kitzbühel i Tirol.

Kjelder endre