Christian Thommessen
Christian Henrik Thommessen (fødd 30. november 1957) er ein norsk siviløkonom og finansmann fødd i Oslo. Han er son av Anette Thommessen og bror til Olaf Thommessen. Han er gift med Cathrine Thommessen og har tre døtrer.
Christian Thommessen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. november 1957 (66 år) |
Yrke | forretningsdrivande |
Mor | Anette Thommessen |
Thommessen vart fyrst kjend gjennom børseventyret til Media Vision på 1980-talet, men han har òg vore direktør i Norsk Hydro, IBM og Glamox.
Etter at utanriksminister Jonas Gahr Støre hadde arbeidd for kandidaturet hans, vart han sommaren 2006 direktør i FN sitt utviklingsprogram, UNDP, der han skal drive med utvikling av forretning i dei minst utvikla landa i UNDP-satsinga «Growing Sustainable Business».
Rett før han skulle flytte til New York med familien sin sommaren 2006, vart han innblanda i ei båtulukke i Lillesand, der både han og kona vart skadde. Han tilstod i etterkant å ha hatt promille under båtturen. Seinare godtok han ei bot på 50 000 kroner for dette.
Kjelder
endre- «Christian Thommesen» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 23. desember 2009.
- Store Norske Leksikon om Thommessen.
- Dagbladet, 15.08.06: Thommessen beklager promillekjøring.