Opna hovudmenyen
Christiania Glasmagasin i 2009.
Foto: Kjetil Ree

Christiania Glasmagasin er ei norsk butikkverksemd som går tilbake til 1739.

Dette året blei Det Kongelige Norske Compagni skipa. Denne verksemda gjekk konkurs og fekk nye eigarar i 1750. Ho tok til å spesialisera seg på glasvarer frå Biri, Hurdal og Hadeland. I 1757 byrja verksemda detaljhandel i ei bu på det seinare Jernbanetorget i Oslo. Då jernbanen skulle byggjast ut i 1862 flytta utsalet til Stortorget.[1][2] Verksemda leiga lokale som tidlegare hadde husa postkontor, men kjøpte garden nokre år seinare og endra då på fasaden.[2] Dette bygget frå 1778 blei rive, og i 1899 blei dagens Glasmagasinet-bygning reist ved arkitekt Harald Olsen.[3]

I 2014 kunngjorde verksemda at ho kom til å flytta ut frå bygningen ved Stortorget.[4] I staden driv ho fleire butikkar i heile Noreg, og netthandel.[5]

KjelderEndra

  1. «Om oss», CG (på bokmål), henta 2019-01-12 
  2. 2,0 2,1 Knut Are Tvedt side 123
  3. Harald Olsen (1851-1910) Geir Tandberg Steigan / Artemisia
  4. «Glasmagasinet forlater Stortorvet etter 152 år». Osloby. Aftenposten. 24. mars 2014. Henta 12. januar 2019. 
  5. «Christiania Glasmagasin», www.cg.no, henta 2019-01-12 
Bibliografi