59°54′47.725″N 10°44′44.142″E / 59.91325694°N 10.74559500°E / 59.91325694; 10.74559500

Glasmagasinet

Kart
Glasmagasinet
59°54′48″N 10°44′44″E / 59.91325694°N 10.745595°E / 59.91325694; 10.745595

Glasmagasinet eller GlasMagasinet er eit kjøpesenterStortorget i Oslo. Det var i mange år eit varemagasin for Christiania Glasmagasin, som også var kjend som Glasmagasinet. Bygningen er verna etter plan- og bygningsloven og er kommunalt listeført.[1]

Historie endre

 
Glasmagasinet i 2010.
 
Stortorvet i 1865 med Simonsen på Torvet i nummer 9, Christiania Glasmagasin i nummer 10 og Elephant-Apotheket i nummer 11 (frå 1879).

Den midtre delen av bygningen blei reist i 1899 i nyrenessansestil etter teikningar av Harald Olsen. Olsen hadde så arkitektkontoret sitt i øvste etasje av denne bygningen.[2] Seinare bygg kom til i 1973 og 1990.

Heile rekkja utgjer Stortorvet 9, 10 og 11. Då Christiania Glasmagasin først flytta hit var det til den midterste bygningen, nummer 10.[3] Nummer 9, som ligg på hjørnet mot Møllergata, bestod den gongen av eit lite hus kalla Simonsen på Torvet.[4] Huset var ein kombinert bustad- og forretningsgard der Peter Simonsen hadde kolonial fram til 1897. Etter hans tid blei bygget rive. Gardeigaren fekk ført opp dagens bygning ved arkitekt Ove Ekman i 1898-99, og forretningen Simonsen på Torvet heldt til her fram til 1935. Deretter blei garden innlemma i Glasmagasinet.[4]

Den siste bygningen i rekkja, hjørnegarden mot Torggata, var nummer 11 og her låg Elephant-Apotheket.[5] Apoteket låg på Stortorget frå 1879 til bygningen blei riven i 1972. Året etter byrja oppføringa av den nyaste delen av Glasmagasinet under leiing av arkitekt Frithjof Stoud Platou.[6][7] Bygget blei ferdigstilt i 1974. Det blei endra ved ei påbygging mot Linaaes gate i 1990; arkitekten bak dette var Jan Digerud.[6][8]

I 2014 bestemte Christiania Glasmagasin seg for å forlata bygningen, og blei erstatta av fleire mindre butikkar.[9]

Eigaren av bygget er KLP Eiendom.[10]

Kjelder endre

  1. «Stortorvet 9 - Christiania Glasmagasin», kulturminnesok.no (på norsk bokmål) (Riksantikvaren - Kulturminnesøk), henta 12. januar 2019 
  2. Harald Olsen (1851-1910) Geir Tandberg Steigan / Artemisia
  3. Knut Are Tvedt side 123
  4. 4,0 4,1 Simonsen på Torvet, Stortorvet 9 Geir Tandberg Steigan / Artemisia
  5. Knut Are Tvedt side 151
  6. 6,0 6,1 Byantikvarens Gule liste
  7. F.S. Platou i Norsk biografisk leksikon
  8. Jan Digerud i Norsk biografisk leksikon
  9. «Glasmagasinet forlater Stortorvet etter 152 år». Osloby (Aftenposten). 24. mars 2014. Henta 12. januar 2019. 
  10. «GlasMagasinet», www.klpeiendom.no, arkivert frå originalen 13. januar 2019, henta 12. januar 2019 

Litteratur