Christianshavn er eit kvarter i København og ein del av bydelen Indre By. Han har rundt 10 000 innbyggjarar (2006).[1] Christianshavn ligg på øya Amager, skild frå det sentrale København av sundet Inderhavnen og med tilgang frå sentrum via Knippelsbro. Mot sør og aust er bydelen skild frå resten av Amager av dei tolv bastionane og vollgrava Stadsgraven frå 1692 og mot Indre By av Københavns Havn. Fristaden Christiania er ein del av Christianshavn.

Strandgade i Christianshavn måla i 1776.
Christianshavn med Vor Frelsers kirke i bakgrunnen.
Foto: Peregrine981

Historie endre

Christianshavn var opphavleg ein eigen kjøpstad oppretta som festningsby av Kristian IV i 16171623 etter planar av Johan Semp.[2] Han blei bygd på eit myrområde på Amager ovanfor Slotsholmen. Staden var først meint som bustadsområde for nederlandske innvandrarr og deretter som garnisons- eller båtmannsby. Han ende opp som ein vanleg kjøpmanns- og handverkarby.

Byen blei anlagt etter mønster av nederlandsk renessanse og blei forbunde med København via Knippelsbro. Store tomter blei stukne ut og torg, kanal og gater blei anlagde etter ein rettvinkla, symmetrisk byplan. Staden blei omgjeven av graver og vollar med bastionar. Det tok likevel lang tid før byen for alvor blei bygd ut. Christianshavn blei innlemma i København i 1675 som Christianshavns Kvarter.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Folkeregisteropgørelse primo oktober 2006, s.5 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. juni 2007, henta 29. april 2012 
  2. Christianshavns byplan frå Dansk Arkitektur Center

55°40′30″N 12°35′30″E / 55.67500°N 12.59167°E / 55.67500; 12.59167