Gate er ein ferdsleveg i by eller bustadsområde med hus på sidene. Slike gater har gjerne også fortau eller fotgjengarsoner.

Kirkegata i Levanger.
Karl Johans gate i Oslo

Ordsoge endre

Ordet «gate» stammar frå urgermansk gatan og er kjent frå norrønt gat eller gata og mellom anna engelsk gate og tysk Gasse.[1] Det har same opphav som gote eller gutu i tydinga geil, ein veg med stengsle på kvar side.[2]

Namnsetjing endre

Gater får ofte namn etter personar frå lokalmiljøet eller geografien i området. Ei undergruppe gruppe av gater er kalla gågater. I desse gatene er ferdsle med motordrivne fargreier anten forbode eller tillate i visse tidsrom på døgnet.

Rekordar endre

Den smalaste gata i verda er ifølgje Guinness World Records Spreuerhofstraße i Reutlingen i Tyskland.[3] Denne gata er 31 cm brei på det smalaste.

Kjelder endre

  1. «gate | Origin and meaning of gate by Online Etymology Dictionary», www.etymonline.com (på engelsk), henta 24. september 2020 
  2. «gate» i Nynorskordboka., «gate» i Nynorskordboka.
  3. «Narrowest street». Guinness World Records. Henta 16. juli 2016. 
  Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.