55°40′31.001″N 12°34′50.002″E / 55.67527806°N 12.58055611°E / 55.67527806; 12.58055611

Slotsholmen
øy
Land  Danmark
Kart
Slotsholmen
55°40′30″N 12°34′52″E / 55.675°N 12.581°E / 55.675; 12.581
Kart som viser Slotsholmen.
Kart som viser Slotsholmen.
Kart som viser Slotsholmen.
Wikimedia Commons: Slotsholmen

Slotsholmen er ei øy i hamnebassenget i sentrale København. Øya er i stor grad danna gjennom oppfylling, og ligg på eller utanfor den tidlegare kystlinja. Sidan mellomalderen har Slotsholmen husa sentraladministrasjonen i Danmark, og har stadig ei viktig rolle med Christiansborg, som husar Folketinget, ei rekkje sentrale ministerium som Statsministeriet og Finansministeriet; Kancellibygningen («Den Røde Bygning») og Højesteret.

I tillegg finn ein mellom anna Børsen, Christian IVs tøyhus med Tøjhusmuseet, Det Kongelige Bibliotek med Den Sorte Diamant, Rigsarkivet, Christiansborg slottskirke, Thorvaldsens Museum, Teatermuseet, Dansk Jødisk Museum, Christian IVs bryggerhus med Kongernes Lapidarium og Staldmestergården på Slotsholmen.

Slotsholmen er avgrensa av Inderhavnen, Slotsholmskanalen og Frederiksholms Kanal. Ho har samband til Sjælland med Bryghusbro, Prinsens Bro, Marmorbroen, Stormbroen, Højbro, Holmensbro, Børsbroen og Chr. IV's Bro og til Amager (Christianshavn) med Knippelsbro.

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Bo Bramsen & Palle Fogtdal (udg.), København før og nu – og aldrig – Bind 1 – Slotsholmen, Fogtdal, 1996. ISBN 87-7807-720-6.
  • Allan Mylius Thomsen, Via Slotsholmen til Østerbro, Danmarks Statistik, 2001. ISBN 87-501-1150-7.