Christianssands Bryggeri

Christianssands Bryggeri (forkorta til CB) er eit bryggeri i Kristiansand. Bryggeriet produserer pilsnerøl, glutenfritt pilsnerøl, fatøl, lettøl, mineralvatn og brus. Til jul produserer bryggeriet juleøl og julebrus. Bryggeriet vart skipa i 1856 og eit av dei eldste i Noreg.

Christianssands Bryggeri

Bryggeriet sett ifra Setesdalsveien Sjå dette på Wikidata
Skipa1859
HovudkontorKristiansand kommune
LandNoreg
Cristianssands Bryggeri i Setesdalsveien i Kristiansand

Vatnet som vert nytta til brygging kjem frå kjeldevatn frå Christian IVs kjelde. Kjelda vart funne med ønskekvist i 1932. Vatnet held jamn temperatur på 9 – 10 grader celsius og er heilt reint.

Christianssands Bryggeri har hatt fleire eigarar. Frå 1859 til 1964 vart bryggeriet eigd i fleire generasjonar av same familie. I 1964 vart det seld til Tou Bryggeri i Stavanger som selde bryggeriet vidare til lokale eigarar og svenske Spendrups. I 1999 vart det kjøpt opp av Hansa Borg Bryggerier.

Bakgrunnsstoff endre