Christine O'Moore

Christine O'Moore (fødd 6. februar 1979 i Sacramento) er ein amerikansk-norsk kunstnar, musikar, skribent [1][2][3][4][5], transkvinne,[6] aktivist og tidlegare ortodoks prest, kjend som Christoforos Schuff,[7][8] som har gjort seg merka med samfunnsengasjement og som aktiv deltakar i samfunnsdebatten kring tru, kultur,[9] rettferd i samfunnet og menneskerettar. Ho har utdanning innan teologi, språkfag, musikk, rettsvitskap, likestilling, historie og økologisk landbruk både frå Noreg og Hellas og er ein sertifisert Combat Medic som har drive bl.a. med evakueringsarbeid ved fronten i Ukraina i 2022 og 2023.[10]

Christine O'Moore

Fødd1979-02-066. februar 1979 (45 år)
FødestadSacramento i California
FødenamnChristopher Michael Schuff
Alias"Queen and Pauper"; justXx
Tidlegare namnChristine Harstad Schuff (2020 - 2022)
OpphavUSA, Noreg
Aktiv1999-i dag
Instrumentgitar, vokal, slagverk, piano
PlateselskapCELLAR Productions
Verka somkunstnar, scenekunstnar, songar, komponist, prest

Samfunnsengasjement

endre

Med grunnlag i samfunnsengasjementet og livssynet sitt har O'Moore vore profilert i media ei rekkje gonger sidan 2006, der ho mellom anna vert teikna som oppteken av ein berekraftig og enkel livsstil[11], økologi og rettferd.[12] Ein artikkel i avisa Vårt land i 2006[13] fekk tittelen «Ikke helt ortodoks», og våren 2011 vart ho teikna av NRK som «Svartkledt og fargerik»,[14] sannsynleg på grunn av dei ymse rollene ho mellom anna har hatt som prest, småbrukar, kunstnar og musikar, m.m. Våren 2011 vart ho profilert i livssynsprogrammet Åpen himmel,[15] og i ny utgåve av programmet i 2012 og 2013 med namnet UnderveisNRK[16] og att i 2013. Hausten 2010 vart ho involvert i ei kyrkjeasylsak[17][18] då ein serbisk familie frå Kosovo gjekk i asyl hjå den ortodokse kyrkjelyden på Greipstad i Songdalen. Ho har elles vorte rådspurd i fleire medium om spørsmål omkring ortodoks historie, tru og tradisjon[19][20] og sidan 2010 i saker om romfolk i Noreg.[21][22][23] Som dåverande prest hadde ho uttala seg positivt om retten til samkjønna ekteskap og LHBT-rettar,[24] noko som førte til kritikk frå konservativt kristent hald. Engasjementet og dei teologiske ytringane hennar om kjønn og seksualitet førte etterkvart til at ho vart suspendert frå embetet som ortodoks prest i 2017. Ho har òg vore involvert i fleire saker til støtte for romfolk i Noreg,[25][26][27][28] mellom anna gjennom å formidla arbeid.[29][30][31][32][33] I mars 2013 mottok O'Moore Fokusprisen (diakoniprisen) frå Diakoniforbundet i Agder og Telemark for engasjementet sitt for og solidaritet med utsette eller vanskelegstilte grupper.[34] I 2015 vart ho tildelt Brobyggerprisen av Norske kirkeakademier for arbeidet sitt med fattige.[35][36]

Kunst og musikk

endre

O'Moore har gjeve ut tre plater med eigen musikk og ei rekkje singlar. Tidlegare opptredde ho tidvis saman med eks-kona si med namnet «Simpleminded». Som kunstnar og scenekunstnar har ho óg brukt namna «justXx» og «Queen and Pauper». Ein del av musikken og kunsten hennar er kjenneteikna av samfunnsengasjement og mellom komposisjonane hennar finn ein anti-krigssongane «God damn the war»[37] og rap-singelen «War and More»[38] frå 2011. Singelen «My friend» frå 2009 handlar om ein barndomsven som vart dømd for drap i USA.

Helse

endre

16. januar 2013 kom det fram i eit intervju med Fædrelandsvennen at O'Moore var vorten kreftsjuk[39] med diagnosen follikulært lymfom, ei form for lymfekreft som vert rekna for å vera ulækjeleg.[40]

Diskografi

endre
  • The Cry (2001)
  • The Call (2001)
  • Live (2003)
  • God damn the war - singel (2011)
  • War and More - singel (2011)
  • Christmas Song - singel (2011)[41]
  • Recuerdo - singel (2012)
  • Hellige natt - singel (2014)[42][43]
  • Para siempre - singel (2015), under artistnamnet Chris Padrino
  • What they say - singel (januar 2023)
  • As I Be - EP (2023)

Referansar

endre
  1. Lillesands-Posten, 16. juni 2020 s. 25
  2. Lillesands-Posten, 19. juni 2020 s. 5
  3. Agderposten, 20. juni 2020 s. 50
  4. Lillesands-Posten, 23. juni 2020 s. 20-21
  5. Grimstad Adressetidende, 8. august 2020 s. 17
  6. O'Moore, Christine Johnsdottir Schuff (5. februar 2023), «Jeg har gått meg lei av å være «den eksotiske andre», noe sært», fvn.no (på norsk), henta 13. mars 2023 
  7. «Eksarkatet av Konstantinopel». Arkivert frå originalen 14. oktober 2014. Henta 25. november 2011. 
  8. Grimstad Adressetidende, 11. juni 2020 s. 16
  9. Vårt land, 7. januar 2013 s. 3
  10. O'Moore, Christine Johnsdottir Schuff (5. februar 2023), ««Jeg har gått meg lei av å være «den eksotiske andre», noe sært»», fvn.no (på norsk), henta 13. mars 2023 
  11. [1]
  12. STREK, Nr. 2, 2011, s. 19
  13. Vårt land, 15. mars 2006 s. 26–27
  14. NRK-omtale 15. april 2011 [2][daud lenkje]
  15. på Greipstad», NRK, 17. april 2011 [https://web.archive.org/web/20110423125154/http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/729784/ Arkivert 2011-04-23 ved Wayback Machine.
  16. Underveis (9:12) - NRK 4.-9. april, 2012
  17. NRK, 21. oktober 2010 Ortodoks kirkeasyl Arkivert 2014-10-15 ved Wayback Machine.
  18. NRK, 16. november 2010 [3] Arkivert 2014-10-15 ved Wayback Machine.
  19. Vårt land, 22. november 2011 (nettutgåve) [4][daud lenkje]
  20. Vårt land, 24. november 2011, s. 18
  21. Fædrelandsvennen, 6. desember 2010 s. 7
  22. NRK P1 16. juli 2012
  23. NRK P1, 21. desember 2012 Få tiggere igjen på Sørlandet
  24. Vårt land, 12. oktober 2011 s. 3, Nytt norsk kirkeblad nr. 3-2013, s. 27-32
  25. Nilsen, Anne Torhild (4. juni 2012), «Vil bedre tiggerenes kår», NRK (på norsk bokmål), henta 13. mars 2023 
  26. Fædrelandsvennen, 04. juni 2012 [5] Arkivert 2014-10-17 ved Wayback Machine.
  27. Ny tid 03. august 2012, Ny Tid nummer 27
  28. NRK P1 07. august 2012
  29. Aftenbladet, 20. juli 2012 [6] Arkivert 2014-10-15 ved Wayback Machine.
  30. Fædrelandsvennen, 20. juli 2012 s. 1, 6-7
  31. «Ortodoks prest gir romfolk arbeid», www.vg.no (på norsk bokmål), 20. juli 2012, henta 13. mars 2023 
  32. Fædrelandsvennen, 21. juli 2012 s. 6
  33. Heggheim, Sander (7. august 2012), «Her får romfolket jobb», NRK (på norsk bokmål), henta 13. mars 2023 
  34. [http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.10938547 Hedret fader Christoforos med pris]
  35. Fædrelandsvennen, 17. mars 2015 [7] Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.
  36. Brobyggerprisen 2015 – Norske kirkeakademier (NKA) (på norsk bokmål), henta 13. mars 2023 
  37. «God damn the War»-musikkvideo
  38. «War and More»-musikkvideo
  39. Fædrelandsvennen, 16. januar 2013 s. 10 [8]
  40. MacMillan Cancer Support - Follicular Lymphoma (henta 16. januar 2013), m.fl. [9][10]
  41. NRK Radio P1, SørlandsScenen 21. desember 2011
  42. NRK Sørlandet, 15. desember 2014 [11]
  43. [12]