Stavanger Aftenblad
(Omdirigert frå Aftenbladet)
Stavanger Aftenblad er ei regionsavis som dekker området rundt Stavanger og Jæren, og til ei viss grad Haugalandet og Dalane. Sjefsredaktør er Lars Helle.
Stavanger Aftenblad | |||
Type | Dagsavis | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid (fullformat fram til 15. september 2006) | ||
Oppretta | 1893 | ||
Grunnleggjar | Lars Oftedal | ||
Første trykk | 1893 | ||
Språk | norsk | ||
Målform | Målformnøytral (Hovudsakleg bokmål) | ||
Regionavis for | Stavanger og omegn | ||
Eigarskap | Schibsted ASA (31,5%) Vinkelaften AB (10,3%) Herenco AB (9,8%) Asker og Bærums budstikke ASA (5,1%) Amble Investment AS (5,0%) Mindre eigarar (38,3%) | ||
Opplag | 58 544 (2014) | ||
Redaksjonskontor | Verksgata 1A | ||
Postnummer | PB 229, 4001 | ||
Stad | Stavanger | ||
Ansvarleg redaktør | Lars Helle (2017) | ||
Nettstad | Aftenbladet.no |
Avisa vart grunnlagd i 1893 av presten Lars Oftedal. Avisa var fram til 1970-talet eit organ for det politiske partiet Venstre. Schibsted eig i dag 31,5 % av Stavanger Aftenblad. Aftenbladet eig igjen 100 % av TV Vest.
Vevsida til Stavanger Aftenblad har kring 30 000 innom kvar dag.
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 73 221 |
2001 | 72 049 |
2002 | 71 364 |
2003 | 70 101 |
2004 | 69 499 |
2005 | 68 186 |
2006 | 67 283 |
2007 | 68 010 |
2008 | 66 343 |
2009 | 65 298 |
2010 | 63 988 |
2014 | 58 544 |
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.