Christopher
mannsnamn
Christopher er eit mannsnamn nytta mellom anna i Noreg. Namnet er ei form av det greske namnet Khristofóros som tyder «Han som ber Kristus (i hjarta sitt)». Den vanlegaste skrivemåten av namnet i Noreg er Kristoffer, andre skrivemåtar brukt i norsk er Christoffer, Christofer og Kristopher. Namnet er også brukt i ulike former i ei lang rekkje andre språk. Den truleg mest kjende beraren av namnet, Christofer Columbus, heiter til dømes Cristoforo i fødelandet Italia, Cristóvão i det andre heimlandet sitt, Portugal, og Cristóbal i Spania.
Namnedagar
endre- Norsk namnedag for Christopher: 14. mai
- Norsk namnedag for Kristoffer: 18. desember
- Minnedag i den katolske kyrkja: 25. juli, i Tyskland 24. juli, og i Austkyrkja oftast minna 9. juli
Kjende berarar av namnet
endre- Christoffer I av Danmark (1219-1259) – konge i Danmark 1252–59
- Christoffer II av Danmark (1276-1332) – konge i Danmark 1320–26 og 1329–32
- Christoffer av Bayern – (1416-1448) konge i Danmark 1440–48, konge i Noreg 1442–48 og konge i Sverige 1441–48
- Christofer Columbus (død 1506) – portugisisk sjønavigatør og oppdagar
- Rasmus Christoffer Effersøe (1857-1916) – færøysk diktar og politikar
- Christopher Hornsrud (1859-1960) – norsk politikar, statsminister 1928
- Christoffer Stixrud (1900-1968) – norsk målar
- Christopher Okigbo (1932-1967) – nigeriansk lyrikar
- Christoffer Selbekk (f. 1939) - norsk skihoppar
- Christopher Nielsen (f. 1969), norsk teikneserieskapar, bror til Joachim Nielsen
- Christoffer Torris Olsen, (f. 1986), norsk venstrepolitikar
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Christoffer, Christopher og Christofer hjå Statistisk Sentralbyrå