Christoph Ernst Friedrich Weyse
Christoph Ernst Friedrich Weyse, (5. mars 1774–8. oktober 1842) var ein tysk-dansk komponist og organist.
Christoph Ernst Friedrich Weyse | |||
| |||
Fødd | 5. mars 1774 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Altona | ||
Død | 8. oktober 1842 (68 år) | ||
Dødsstad | København | ||
Opphav | Kongeriket Danmark | ||
Sjanger | opera, symfoni | ||
Instrument | pipeorgel | ||
Verka som | komponist |
SC.E.F. Weyse vart fødd i Altona ved Hamburg. Som 15-åring vart han send til Danmark for å utdanning. Han vart buande i Danmark resten av livet sitt.
Weyse er først og fremst kjend for sine melodiane han skreiv til danske fedrelandssongar, salmar og julemelodiar, men han har òg skrive annan musikk, m.a. sju symfoniar og 30 kantatar. Blant songane og salmane han har tonesett er mange skrivne av N.F.S. Grundtvig og B.S. Ingemann, av dei tonane som vi i Noreg brukar til «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Alltid freidig».
Weyse er rekna blant dei fremste danske 1800-talskomponistane.
Kulturkanonen
endreOtte Morgensange, Syv Aftensange og Den signede dag med fryd vi ser er tekne opp i den danske Kulturkanonen.
Kjelder
endre- Kristen sang og musikk Runa forlag 1962