Chukwuma Akabueze
Chukwuma «Bentley» Akabueze (fødd 6. mai 1989 i Ilorin i Kwara) er ein nigeriansk fotballspelar som spela for Brann i Tippeligaen ut 2012-sesongen. Han spelar no for kinesiske Wuhan Zall FC.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Chukwuma Akabueze | ||
Kallenamn | Bentley | ||
Fødd | 6. mai 1989 | ||
Fødestad | Ilorin i Nigeria | ||
Høgd | 181 cm | ||
Posisjon | Venstre kantspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Wuhan Zall | ||
Nummer | 14 | ||
Ungdomsklubbar | |||
–2004 | Kwara United | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2005–07 2006 2007-11 2011-2012 2013- |
Kwara United Enugu Rangers (lån) Odd Grenland Brann Wuhan Zall |
18 (9) - 95 (26)[1] 53 (10) [1] 0 (0) | |
Landslag | |||
2007– | Nigeria | 2 (1) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. april 2013 |
Bentley var først på prøvespel hjå Lyn, men då dei allereie hadde de tillatne tre spelarane frå utanfor EØS-området, blei han ikkje tilbode kontrakt. Odd nytta då høvet til å signere angrepsspelaren.
Trass den låge alderen sin har Bentley allereie debutert og skåra for det nigerianske landslaget og blir rekna som eit stort talent. Han kom til Odd frå Kwara United FC i Nigeria.
Han fekk sin debut i Tippeligaen for Odd Grenland 5. august 2007, i heimekampen på Skagerak Arena mot Lyn, i ein kamp Odd vann 2-0 etter skåringar av Zbynek Pospech og Stefan Bärlin. Han gav målgivande til Stefan Bärlin si skåring.
Etter at Odd rykte ned til Adeccoligaen etter 2007-sesongen, fekk Bentley beskjed om å finne ein ny klubb viss han ville fortsetje på det nigerianske landslaget. Bentley valde å bli med Odd ned, og fekk etter kvart plass på førsteellevaren i Odd. I 2010-sesongen var Bentley toppskåraren til Odd i Tippeligaen, med 9 seriemål.
24. februar 2011 blei han samd med Brann om ein fireårig avtale. Han debuterte i Tippeligaen for Brann som innbytar i den andre seriekampen i 2011-sesongen, borte mot Lillestrøm.
Fotnotar
endre- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mars 2011.