Lyn Fotball
Lyn Fotball er eit norsk idrettslag med heimebane i Oslo. Idrettslaget vart stifta den 3. mars 1896. FK Lyn Oslo er ein del av allianseidrettslaget Ski- og Fotballklubben Lyn, saman med Lyn Ski (skiidrett) og Lyn Fotball (breiddefotball). Herrelaget spelar i 3. divisjon avdeling 4 (2020).
Lyn Fotball | |||
Fullt namn | Lyn Fotball | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Lyn | ||
Kort namn | Lyn | ||
Grunnlagd | 3. mars 1896 | ||
Heimebane | Ullevaal Stadion, Oslo (Kapasitet: 25 572 sete) | ||
Styreformann | Sveinung Lunde | ||
Klubbdirektør | Erik Langerud | ||
Hovudtrenar | Kent Bergersen | ||
Liga | Adeccoligaen | ||
| |||
Noverande sesong |
Lyn har først og fremst gjort seg gjeldande innan fotball og skiidrett. Lyn var tidleg ein av dei beste fotballklubbane i Noreg. Lyn var ein av klubbane som arbeidde for oppretting av Norges Fotballforbund (oppretta 1902).
På fotballsida kan klubben skilta med 8 cupmesterskap (1908, 1909, 1910, 1911, 1945, 1946, 1967 og 1968), og to seriemeisterskap (1964 og 1968).
Av kjende fotballspelarar kan nemnast: Arne Brustad, Øivind Holmsen, Fredrik Horn, Magnar Isaksen, Jørgen Juve og Frithjof Ulleberg. Desse seks var med og tok OL-bronse for Noreg i 1936. På laget som vann både serie og cup i 1968 var Harald «Dutte» Berg og Ola Dybwad-Olsen sentrale spelarar.
Eit av høgdepunkta i klubbhistorien kom i 1968 då laget tok seg til kvartfinalen i Cupvinnarcupen og gjekk på eit knipent tap.
Klubben sin kanskje fremste skilaupar er Ivar Formo. Han tok tok OL-gull i 1976. Mellom mange gode skihopparar kan særleg nemnast Arne Hoel (NM i 1956, Holmenkollen-vinnar i 1949, 1951, 1959 og i ekstrarennet 1954).
Lyn sin supporterklubb heiter «Bastionen» og vart stifta i 1992.
Sjå også
endreKjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |