Opna hovudmenyen

Ciprian Marica

rumensk fotballspelar

Ciprian Andrei Marica (fødd 2. oktober 1985 i Bucureşti) er ein rumensk fotballspelar, som spelar for Schalke 04 i tysk Bundesliga, og for det rumenske landslaget.

Ciprian Marica
Ciprian Marica 2011-08-03.jpg
Fullt namn Ciprian Andrei Marica
Fødd 2. oktober 1985
București i Romania
Høgd 185 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Schalke 04
Draktnummer 8
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2001-04
2004-07
2007-2011
2011-
Flagget til Romania Dinamo Bucuresti
UKraina Sjakhtar Donetsk
Tyskland Stuttgart
Tyskland Schalke 04
23 (4)
73 (16)
93 (19)
3 (0)
Landslag**
2003-06
2003-
Flagget til Romania Romania U21
Flagget til Romania Romania
10 (4)
51 (16)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 28. august 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 6. september 2011.

Marica vart seriemeister i Romania med Dinamo Bucureşti i 2002 og 2004, og i Ukraina med Sjakhtar Donetsk i 2005 og 2006. I 2007 kjøpte Stuttgart han for om lag 8 millionar euro, det meste dei nokon gong hadde betalt for ein spelar.

Marica debuterte for Romania sitt A-landslag 16. november 2003 i ein kamp mot Italia, og skåra det første landslagsmålet i ein VM-kvalifiseringskamp mot Armenia 17. november 2004. Han var med i Romania sin tropp til fotball-EM i 2008, men spelte ingen av kampane.