Circus Mircus er eit georgisk musikkband innan progressiv rock-sjangeren, som består av fire medlemmar. Bandet spelar hovudsakleg eksperimentell musikk og blander ei rekkje sjangrar, der kvar sjanger representerer ei livserfaring og den «indre verda» til kvar av bandmedlemmane.[1] Bandet representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Lock Me In».[2]

Circus Mircus

Aktiv2020–
Sjangereksperimentell musikk

Bakgrunn endre

Bandet vart skipa i Tbilisi i slutten av 2020 av tre lokale sirkusakademi-studentar. Dei droppa ut av akademiet og bestemte seg i staden for å danne eit band. Ifølgje ein av bandmedlemmane var dei tre ikkje «gode nok, sannsynlegvis dei dårlegaste i besetninga. Det er grunnen til at vi vart vennar». Ifølgje dei fann dei den fjerde bandmedlemmen på gata og utnemnde han til basspelar i bandet.[3]

Den georgiske rikskringkastinga kunngjorde 14. november 2021 at dei internt hadde vald Circus Mircus til å representere landet i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[2] Gruppa deltok i den andre semifinalen, der dei enda på sisteplass.[4]

Bandmedlemmar endre

Circus Mircus består av fire medlemmar som alle nyttar pseudonym:[5][6][7]

  • Shota Darakhvelidze, som Ludwig Ramírez
  • Nika Kotsjarov, som Igor Von Lichtenstein
  • Sandro Sulakvelidze, som Bavonc Gevorkyan
  • Archil Sulakvelidze, som Iago Waitman

Kjelder endre

  1. Mamsikashvili, Rezo (14. november 2021). «Georgia: Circus Mircus will represent Georgia at Eurovision 2022». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 14. november 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Georgia's Circus Mircus take their show to Turin 🇬🇪». Eurovision.tv (på engelsk). European Broadcasting Union (EBU). 14. november 2021. Henta 14. november 2021. 
  3. Wilson, Katie L. (14. mai 2022). «Eurovision's wackiest acts in the final - and those who didn't make it through». Mirror (på engelsk). Reach PLC. Henta 12. desember 2022. 
  4. «Circus Mircus - Georgia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 16. mai 2022. 
  5. «Turin 2022 / Participants – Circus Mircus». Eurovision.tv. Henta 9. april 2022. 
  6. #ამშაბათკვირას 4 ნოემბერს სირკუს მირკუსის კონცერტი გაიმართება (på georgisk), henta 8. november 2022 
  7. ten Veen, Renske (15. november 2021). «LIST: 8 clues the Young Georgian Lolitaz could be behind Circus Mircus». Wiwibloggs. Henta 9. april 2022.