Citadel Bastion

Citadel Bastion er ei klipperik, flat høgd ved sørsida av enden av Saturnbreen, mot George VI Sound og Rymill Coast, som ligg på austsida av Aleksanderøya i Antarktis. Den største høgda er kring 645 moh. Citadel Bastion ligg ved Hodgson Lake. Dette fjellet vart kartlagt frå flyfotografi teken av Ronne Antarctic Research Expedition i 1947–48 og frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey i 1948–50. Namnet vart gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee fordi det liknar ei festning med eit vakttårn i enden av eine veggen.[1][2]

Citadel Bastion
platå
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - høgd 645 moh.
 - koordinatar 72°0′S 68°32′W
Administrert under Antarktistraktaten

Citadel Bastion
72°0′0″ S 68°31′60″ W
Citadel Bastion is located in Antarktis
Citadel Bastion (Antarktis)

Citadel Bastion er ein av fleire nunatakar med utspring frå krittida av sedimentære bergartar som dannar det 6,8 kilometer-tjukke Fossil Bluff-gruppa, som ligg under den austlege delen av Aleksanderøya. Ein har her funne mykje plantefossil og fossile skogar.[3]

KjelderEndra

  1. United States Geological Survey (nd) Citadel Bastion. Geographic Names Information System, Det amerikanske innanriksdepartementet, U.S. Geological Survey, Reston, Virginia.
  2. Stewart, J. (2011) Antarctic An Encyclopedia McFarland & Company Inc, New York. 1776 s. ISBN 9780786435906.
  3. Cantrill, D J. (1996) Fern thickets from the Cretaceous of Alexander Island, Antarctica containing Alamatus bifarius Douglas and Aculea acicularis sp. nov. Cretaceous Research. 17(2):169–82.