Sedimentær bergart
(Omdirigert frå Sedimentære bergartar)
Sedimentære bergartar er danna ved at slam og organisk materiale har blitt avsett i stilleståande vatn.

Foto: Kjetil Lenes
Har vatnet vore fattig på oksygen har ikkje det organiske materialet rotna. Det blir då omdanna til mørk skifer når det blir utsett for trykk. Blir det organiske materialet nedbrote er det att skal frå skaldyr, og materialet blir omdanna til lys kalkstein.
Hovudgrupper Endra
Ein kan dela dei sedimentære bergartane i tre hovudgrupper ut frå korleis dei er danna:
Klastiske Endra
Produktet av forvitring, forflytting og deposisjon.
Kjemiske Endra
Danna ved utfelling av komponentar frå vatn.
Biogene (organiske) Endra
Danna av organisk materiale, hovudsakleg dyr- eller planterestar.
- Kritstein
- Kalkstein
- Kol
- Alunskifer, danna av mudder rikt på organisk materiale.