Citadell er ei nemning innan festningsverk om den inste kjernen i ei festning eller ein festningsby, der forsvararane og eventuelt makthavarane kan trekkje seg tilbake for eventuelt halde ut ei kringsetjing og trette ut åtakarane. Ordet kjem frå latin: civis som tyder innbyggjarar, ref. sivil, city etc.

Citadellet i Budapest
Desse teikningane frå 1600-talet viser byen Casale Monferrato med det stjerneforma citadellet til venstre
Citadellet i Kairo

Citadellet vart lagt ein topografisk gunstig stad, anten i midten av ein bykjerne eller i utkanten av byen. Det vart gjerne lagt på ei høgd som gav god utsikt over byen og områda omkring. Funksjonen til citadellet kunne i mange situasjonar òg vere retta mot folkesetnaden i byen, for å sikre makthavarane mot innbyggjarane.

Då kong Kristian IV bygde Christiania i 1624 som ein festningsby bak vollar, fekk den allereie eksisterande Akershus festning oppgåva å fungere som citadell i forsvarsanlegga til byen.

Den same byggeglade kongen sørgde òg for å skaffe hovudstaden København eit citadell som kjernen i festningsverka til byen. Kastellet eller Citadellet Frederikshavn vart òg påbegynt i 1624, eit stjerneforma anlegg med fem bastionar nord for sjølve byen. Kastellet skulle etter planen òg vere ramma rundt eit kongeleg slott, men dette vart sløyfa.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Citadell