Sitronkake

(Omdirigert frå Citronkaka)

Sitronkake er ei kake smaksett med sitron. Ein kan bruka både sitronjus og sitronskal, i sjølve kaka, i fyllet og til glasur.[1][2][3]

Oppskoren sitronkake i bundtform.
Sitronkake med mandlar og melisdryss

Vanlege sitronkaker er formkake med glasur, som gjerne er kvit og ligg i eit lag oppå kaka. Den eldste kjende norske oppskrifta på slik sitronkake er frå 1835.[4] Ein variant av kaka er engelsk lemon drizzle cake, der glasuren er litt rennande[5] og blir helt over kaka medan ho er varm.[6] Det finst også variantar utan glasur.[7]

Sitronkaker er vanlege på kafear. Fleire av dei blir også selde ferdiglaga i butikkar. Eit dansk døme på dette er citronmåne, som blir laga av Dan Cake.[8]

Ulike sitronkaker endre

  • Ein kjent japansk sitronkakevariant har form som ein sitron.[9] Denne finst som ein spesialitet ein kan kjøpa i pakkar.[10][11]
  • Lemon bar eller lemon square, kake av shortbread fylt med sitronkrem.
  • Lemon chiffon cake er ei svært lett kake som kan innehalda saft og skal av sitron.[12]
  • Lemon ice box pie er ein dessert laga av sitronjus, egg og kondensert mjølk i paideig,[13][14] ofte laga av grahamkjeks og smør.[15]
  • Sitronterte er ei terte fylt med sitronkrem og eventuelt marengs. Ein variant med marengs er lemon meringue pie.
  • Limonnik er ei ukrainsk sitronkake laga utan egg.
  • Madeira cake er ei britisk sitronkake utan glasur, men som kan pyntast med sitronskal[16]
  • Shaker Lemon Pie – sitronpai utvikla av den religiøse gruppa kjend som shakers.
  • Sussex Pond Pudding – traditsjonell engelsk pudding laga med ein heil sitron inni ister-paideig.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Møllerens, «Oppskrift: God gammeldags sitronkake», www.mollerens.no (på norsk), henta 24. oktober 2021 
  2. «Sitronkake», Det søte liv (på engelsk), 9. november 2004, henta 24. oktober 2021 
  3. «Lemon Cake | Formula | Baking Processes», BAKERpedia (på engelsk), henta 24. oktober 2021 
  4. «Sitronkake», Norsk tradisjonsmat (på norsk bokmål), 18. april 2017, henta 24. oktober 2021 
  5. «Mary Berry's lemon drizzle traybake cake recipe», BBC Food (på engelsk), henta 24. oktober 2021 
  6. Rege, Laura (11. oktober 2021), «This Six-Ingredient Lemon Drizzle Cake Recipe Is Hands Down The Best», Delish (på engelsk), henta 24. oktober 2021 
  7. NRK (4. juni 2021), «Amalies sitronkake», NRK (på norsk bokmål), henta 24. oktober 2021 
  8. «Citronmåne med gul glasur 350g». Dan Cake. Henta 20. maj 2015. 
  9. «5 Lemon Sweets & Treats to Try in Tokyo this Summer», Tokyo Weekender (på engelsk), 16. august 2020, henta 24. oktober 2021 
  10. «Lemon Shaped Fresh Citrus Flavored Cake Presented by Yuzu Specialty Shop», PRTIMES.COM from japan (på engelsk), henta 24. oktober 2021 
  11. «ACE BAKERY Japanese Lemon Cake 9pcs Made in Japan», TAKASKI.COM (på engelsk), henta 24. oktober 2021 
  12. Lemon Chiffon Cake. Huffington Post.
  13. The Dinner Doctor – Anne Byrn
  14. Screen Doors and Sweet Tea: Recipes and Tales from a Southern Cook – Martha Hall Foose
  15. The Southern Foodie: 100 Places to Eat in the South Before You Die (and the Recipes That Made Them Famous) – Chris Chamberlain
  16. «Madeira cake recipes», BBC Food (på engelsk), henta 24. oktober 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sitronkake