Sitron

gul sitrusfrukt
Sitron
Sitron
Sitron
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Underfamilie: Aurantioideae
Stamme: Citreae
Slekt: Sitrusfrukt Citrus
Art: Sitron C. ×limon
Vitskapleg namn
Citrus ×limon

Sitron (Citrus limon) er ei sitrusfrukt som vert dyrka i California og i landa rundt Middelhavet. Ho er avlang med lys gult fruktkjøt og gult skal. Sitrontreet blomstrar året rundt, og det er derfor vanleg å sjå både frukt og blomar på same treet.

Heil og oppskoren sitron.
Cocktail pynta med ei sitronskive.

Sitron er rik på c-vitamin, medan smaken er syrleg, noko som kjem av eit høgt innhald av sitronsyre. Både kjøt, saft og skal vert brukt i matlaging, til drikkar og som garnityr.

Ein lager mellom anna den gode tørstedrikken limonade av sitronsaft, og bruker elles frukta som pynt på mat og til drikkar, der ho kan vera viktig for smaken. Syra i sitronsafta nøytraliserer smaken av amin i fisken, medan han ganske enkelt gjev ekstra smak til mange drikkar.

Romarane kjende til frukta, og ein har funne restar av sitron i Pompeii. Ho blei likevel gløymd i Europa, men blei introdusert til Arabia frå India rundt 900-talet. Namnet kjem frå persisk لیمو limu.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sitron
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.