Claire Hamill (fødd 4. august 1954 som Josephine Claire Hamill) er ein britisk songar og låtskrivar. I tillegg til solokarrieren sin, har ho arbeidd med Wishbone Ash[1] og Yes-gitaristen Steve Howe.[2]

Claire Hamill
Fødd4. august 1954 (69 år)
FødestadPort Clarence i County Durham i England
FødenamnJosephine Claire Hamill
OpphavStorbritannia
Sjangerfolkrock
InstrumentSong, gitar
PlateselskapIsland
Konk
Verka somSongar-låtskrivar

Biografi endre

Claire Hamill har vore aktiv i musikkindustrien sidan ho var 17. I 1971 vart ho lansert som ein av dei første songar-låtskrivarane i Storbritannia og vart samanlikna med Joni Mitchell.

Debutalbumet hennar var One House Left Standing.[1] Kort tid etter la ho ut på den første turneen sin, som oppvarmar for John Martyn. I 1973 turnerte ho i USA med Procol Harum og Jethro Tull, og kom attende til Storbritannia for å spele inn det neste albumet sitt, October ved Richard Branson sitt Manor Studio i Oxfordshire, det same studioet som Mike Oldfield brukte til å skrive Tubular Bells. Ho turnerte så med King Crimson.

I 1973 møtte ho Ray Davies frå the Kinks, som signerte ho for hans Konk-selskap for det tredje albumet Stage Door Johnnies, eit album som inneheld dei første coverversjonane hennar. Ho turnerte Amerika for andre gongen det året og så på turné i Storbritannia for Gilbert O'Sullivan. I tillegg spelte ho inn det som vart det siste albumet hennar i 1970-åra, Abracadabra.

Tidleg i 1980-åra arbeidde ho med Wishbone Ash, og er med på albuma deira Just Testing (1980) og Number the Brave (1981), og ho vart med gruppa på turneen deira i 1981-1982. Ho var attende som gjest på Bare Bones in 1999.

I 1979 song ho vokal på songen «Look Over Your Shoulder» på The Steve Howe Album.

I 1981 song ho på Jon and Vangelis-albumet The Friends of Mr Cairo og i lag med det britisk jazz/funk/fusion-gruppa Morrissey–Mullen på albumet Life on the Wire (1982).

I midten av 1980-åra byrja Hamill å lage New Age-musikk, som gav ho eit nytt publikum. Det første albumet hennar i 1980-åra var Touchpaper. Albumet Voices vart spelt inn i ein stil som Adiemus og Enya seinare nytta. Ho har halde fram å gje ut musikk dei siste 20 åra.

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hill, Gary. «Claire Hamill – biography». Allmusic. Henta 7. september 2014. 
  2. «Claire Hamill – credits». Allmusic. Henta 7. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre